Hopp til innhold

Tre venninner døydde i bilulykke – tiltalt sjåfør seier ho ikkje hugsar kollisjonen

Vegen heim frå sommarshow enda fatalt for dei tre venninnene i Ålesund. I dag starta rettssaka der ei kvinne i 20-åra er tiltalt for aktlaust drap.

Dei tre omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni 2022. Frå venstre: Kirsti Nedregård, Kathrine Krogen og Janice Karina Buen.

Kirsti Nedregård (51) og Kathrine Krogen (47) omkom i kollisjonen i Blindheimstunnelen i Ålesund 3. juni i fjor. Janice Karina Buen (49) døydde på sjukehus nesten sju veker seinare.

Foto: Privat/montasje

Det var 3. juni i fjor at bilen som dei tre venninnene sat i blei påkøyrd av ein annan bil inne i Blindheimstunnelen på E39 på Sunnmøre. Dei tre var på veg heim frå ei framsyning på Teaterfabrikken i Ålesund.

Kirsti Nedregård (51), Kathrine Krogen (47) og Janice Karina Buen (49) omkom som følge av skadane dei fekk i ulykka.

Ei kvinne i 20-åra sat bak rattet på den andre bilen. Statsadvokaten i Møre og Romsdal har tiltalt ho for aktlaust drap og for aktlaus køyring. Aktlaust drap har ei strafferamme på inntil seks år.

– Grufullt

Tysdag starta rettssaka mot sunnmørskvinna. Ho var kledd i svart og kvitt og skjulte ansiktet i hendene før rettssaka starta. Kvinna tok også til tårene fleire gonger under forklaringa si.

På spørsmål om kva ho tenkte om at ho hadde forårsaka at tre personar hadde mista livet, svarte ho:

Rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund i fjor starta i dag.

Reidar Andresen er forsvararen til kvinna.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er heilt grufullt det som har skjedd og noko eg kjem til å ha med meg resten av livet.

Kvinna erkjente straffskuld for det ho er tiltalt for. Ho aksepterer også å betale eventuelle erstatningskrav i saka. Kravet kan bli på 170.000 kroner per pårørande.

Forsvararen til kvinna starta si innleiing med å seie at ho har vore sterkt prega sidan hendinga og at ho har vore sjukemeldt sidan.

Her kan du følgje rettssaka:

Meiner kvinna hadde ei høg fart

Fartsgrensa på staden der ulykka skjedde er 70 kilometer i timen. Politiet meiner at kvinna har køyrd inn i tunnelen med ei fart på over 90 kilometer.

Ho skal så ha gassa på, noko som førte til at ho mista kontroll over bilen og kom over i motgåande køyrefelt.

Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimtunnelen.

Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik meiner kvinna i 20-åra skal ha hatt ei høg fart då dei to bilane kolliderte.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ifølge påtalemakta skal kvinna ha hatt ei fart på 116 kilometer i timen eitt halvt sekund før kollisjonen.

I retten svarte kvinna at ho ikkje hugsar at ho trykte på gasspedalen og heller ikkje at ho køyrde inn i tunnelen eller sjølve ulykka. Det første ho hugsa var at ho sat i ambulansen. Då spurte ho korleis det hadde gått med dei andre passasjerane i bilen.

Det var først dagen etter ulykka at ho fekk vite at nokon hadde døydd som følge av kollisjonen.

Både kvinna og passasjerane i bilen fekk lette til moderate skader.

Les også No startar rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen

Dødsulykke i Blindheimstunnelen 2022

– Skulle ønske ting var annleis

Kvelden starta med at kvinna henta tre kameratar. Først plukka ho dei opp i sin eigen svarte Mercedes og køyrde mot Ålesund sentrum. Etter å ha køyrd gjennom Blindheimstunnelen ein gong, snudde dei og køyrde tilbake for å hente noko.

Då bytta dei til ein kvit bil, som ein av kompisane eigde. Denne hadde kvinna køyrt éin gong tidlegare. Det var også denne som var involvert i kollisjonen.

Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik spurte kvinna om det var noko ho ville gjort annleis når ho no ser tilbake.

– Ja, eg sit jo nesten kvar dag og tenker på det. Kva om eg ikkje hadde henta dei? Kva om vi ikkje hadde snudd og bytta bil? Kva om vi hadde tatt ein anna veg? Eg tenker på det heile tida, forklarte kvinna i 20-åra.

Under rettssaka blei det også vist ein video av kollisjonen inne i Blindheimstunnelen. Nokre av dei pårørande såg vekk då denne blei spelt av.

Bistandsadvokaten til sju av dei pårørande, Mette Ekroll Nyland, seier at saka har vore krevjande for dei pårørande.

Bistandsadvokat er Mette Ekroll Nyland under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.

Bistandsadvokaten til dei pårørande, Mette Ekroll Nyland, seier saka har vore vanskeleg for dei pårørande.

Foto: Remi Sagen / NRK

Blei spurt om råkøyring

Politiadvokat Kvalvik gjekk også gjennom bevismaterialet som dei har henta ut frå mobilen til kvinna. I retten la han fram fleire bilde der ein kunne sjå speedometer som viste høg fart.

Kvinna forklarte at ho ikkje hugsa kven som har køyrd bilane på bilda.

Kan ein få inntrykk av at raske bilar og fart har vore ei interesse for deg?, spurte politiadvokaten.

Det vil eg ikkje seie. Det at eg synest bilar er fine er heilt overflatisk. Eg har ikkje vore glad i fart og spenning. Eg har ikkje vore interessert i å utsette mitt eller nokon andre sitt liv for fare, svarte kvinna

Forsvararen til kvinna sa i retten at han meinte det blei feil av politiet å skape eit bilde av kvinna som ein råkøyrar med bakgrunn i det han meiner er eit lite utval av mange bilde på mobilen hennar.

Les også Har tiltalt kvinne etter dødsulykke

Ulykka i Blindheimstunnelen fredag kveld.

Hjelpte til etter ulykka

Det var fleire som forklarte seg i retten tysdag.

Blant dei var to vitne til ulykka. Først vitna ein mann som køyrde framfor bilen med dei tre kvinnene som omkom. Også ein mann som køyrde bak denne bilen forklarte kva han hadde opplevd.

I tillegg vitna eit ungt par som møtte ein svart Mercedes fredag kveld. Dei måtte bråbremse då bilen braut vikeplikta, men greidde ikkje å sjå kven som var føraren.

Denne bilen skal ha likna på Mercedesen den tiltalte kvinna køyrde tidlegare på kvelden, før ho bytta til den kvite bilen som var involvert i ulykka.

Dødsulykke i Blindheimstunnelen 2022

Dei to bilane kolliderte inne i Blindheimstunnelen i Ålesund i juni i fjor.

Foto: Tipser

Svart boks

Onsdag skal ein fagperson frå Statens vegvesen forklare seg om data frå airbagmodulen i bilen som den tiltalte køyrde.

Denne viser mellom anna farten og akselerasjon fem sekund før kollisjonen. Politiet meiner den viser viktig informasjon om korleis ulykka skjedde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL