Hopp til innhold

Dømd til fengsel etter dødsulykka i Blindheimstunnelen

Ei kvinne i 20-åra er dømd til fengsel i eitt år og åtte månader etter at tre kvinner mista livet i trafikkulykke på Sunnmøre.

Dødsulykke i Blindheimstunnelen 2022

ULYKKE: Tre kvinner omkom etter ein kollisjon inne i Blindheimstunnelen på E39 på Sunnmøre i juni 2022.

Foto: Tipser

Den 25 år gamle kvinna møtte ikkje i retten då dommen blei forkynt torsdag. Ifølge forsvararen hennar er ho sjuk og kunne difor ikkje møte.

I Møre og Romsdal tingrett blei ho dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for aktlaust drap og aktlaus køyring.

Ho blei også dømd til å miste førarretten for alltid og må betale 170.000 kroner i erstatning til kvar av dei seks pårørande.

Tre døydde

Det var 3. juni i 2022 at to bilar kolliderte inne i Blindheimstunnelen på E39 på Sunnmøre. Tunnelen ligg om lag ei mil unna Ålesund sentrum.

I den eine bilen, ein Suzuki Liana, sat tre kvinner som var på veg heim frå eit sommarshow i Ålesund. Kirsti Nedregård (51), Kathrine Krogen (47) og Janice Karina Buen (49) omkom alle av skadane dei fekk i ulykka.

Dei tre omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni 2022. Frå venstre: Kirsti Nedregård, Kathrine Krogen og Janice Karina Buen.

Dei tre venninnene var på veg heim frå eit sommarshow då dei omkom i ei trafikkulykke.

Foto: Privat/montasje

I den andre bilen, ein Mercedes AMG, var det fire personar i 20-åra. Desse blei alle lettare til moderat skadd. Den 25 år gamle kvinna var føraren av bilen.

– Grov aktlause

Saka blei behandla over to dagar i Møre og Romsdal tingrett førre veke. Der møtte kvinna og erkjente straffskuld. Ho gjekk også med på å betale erstatning til dei pårørande.

Retten meiner det er bevist, både gjennom kvinna si forklaring og bevisa som er lagt fram, at ho har handla grovt aktlaust. Her blei det også vist til rapporten som Statens vegvesen kom med.

I dommen blei det lagt vekt på at kvinna på eit tidspunkt pressa gasspedalen så langt ned som det let seg gjere. Det resulterte i at bilen fekk skrens og kom over i motgåande køyrefelt. Som ein direkte konsekvens av dette omkom dei tre kvinnene, sa hovuddommar Øyvind Panzer Iversen.

– Kvinna valde å gi maksimalt gasspådrag og retten legg til grunn at ho hadde ei fart på minst 100 kilometer i timen inne i tunnelen. Hastigheita før ulykka har vore høgare. Fartsgrensa på staden var 70 kilometer. Ulykka kan ikkje reknast som ein augneblink der ho var ikkje var merksam. Ho burde innsett at handlingane hennar kunne føre til ei dødsulykke, sa hovuddommar Øyvind Panzer Iversen.

Tingrettsdommer Øyvind Panzer Iversen under rettssaka etter ulykka i Blidnheimstunnelen i Ålesund.

Hovuddommar Øyvind Panzer Iversen. Her fotografert då saka blei behandla i Møre og Romsdal tingrett førre veke.

Foto: Remi Sagen / NRK

Må sende eit signal

Då ulykka skjedde køyrde kvinna ein kvit Mercedes som ho lånte av ein kamerat. Denne hadde ho køyrd ein gong før.

Advokat Oddvar Aarsæther under forkynninga i dommen etter ulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund.

Oddvar Aarsæther, representerte den 25 år gamle kvinna i retten torsdag. Ho kunne ikkje sjølv møte fordi ho var sjuk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ho var klar over at ho køyrde ein bil med kraftig motor, som ho ikkje var særleg vand med. Likevel valde ho å gasse på maksimalt inne i tunnelen, sjølv om det kom møtande trafikk, sa Iversen.

Retten meinte også at det var tilfeldig at kvinna si køyring ikkje førte til at ytterlegare liv gjekk tapt.

– Vi må difor sende markerte signal, i form av straffereaksjonar, for å unngå tilsvarande handlingar, sa hovuddommaren.

Kvinna fekk litt straffereduksjon fordi ho hadde erkjent straffskuld, og dermed vist at ho ønskjer å ta ansvar for det ho gjorde, meinte retten. Under rettssaka forklarte kvinna at ho ikkje hugsar kollisjonen.

Les også: Tre venninner døydde i bilulykke – tiltalt sjåfør seier ho ikkje hugsar kollisjonen

Dei tre omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni 2022. Frå venstre: Kirsti Nedregård, Kathrine Krogen og Janice Karina Buen.
Dei tre omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni 2022. Frå venstre: Kirsti Nedregård, Kathrine Krogen og Janice Karina Buen.

Skal vurdere anke

Straffa er noko lågare enn det aktor Magne Kvalvik bad om då saka blei behandla i retten. Han bad om ei fengselsstraff eitt år og ti månader.

Aktor Magne Kvalvik under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.

Aktor Magne Kvalvik seier dei skal vurdere om dei skal anke straffa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kvalvik seier at dei vil bruke litt tid til å vurdere om dei skal anke.

– Har du forståing for at nokre synest straffa er for låg?

– Ja. Det er mange døde og skader på dei alle involverte. Det er likevel slik at domstolen må ta omsyn til det som er rettspraksis i slike saker. Der er det ikkje samsvar mellom det mannen i gata krev og det som er rettspraksis, seier han.

Oddvar Aarsæther, som representerte den 25 år gamle kvinna i retten i dag, seier dei ikkje har ein kommentar til dommen på dette tidspunktet.

Bistandsadvokaten til dei etterlatne, Mette Ekroll Nyland, seier til NRK at dei ikkje kjem til å anke dommen.

– Tapet til dei etterlatne kan ikkje målast i månader eller år med fengsel, heller ikkje erstatning, seier ho.

Bistandsadvokaten til dei etterlatne, Mette Ekroll Nyland, under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.

Bistandsadvokaten til dei etterlatne, Mette Ekroll Nyland, seier dei ikkje kjem til å anke dommen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Heilt grufullt

Kvinna i 20-åra tok til tårene fleire gonger då ho forklarte seg i retten førre veke.

På spørsmål frå aktor om kva ho tenkte om at ho hadde forårsaka at tre personar mista livet, svarte ho:

– Det er heilt grufullt og noko eg kjem til å ha med meg resten av livet.

Fleire vitne forklarte seg også under rettssaka. Det blei særleg kjensleladd då ei venninne av dei omkomne, og kjærasten til ein av dei, vitna. Begge hadde sete på i bilen heim, men gjekk av like før dødsulykka.

– Verda stoppa opp då eg fekk høyre om ulykka. Eg sjekka om meldinga eg hadde sendt til kjærasten min hadde blitt opna, og den stod framleis som ulest, forklarte mannen.

Tydeleg kjensleladd bad han retten om å dømme den unge sjåføren hardt. Han bad dei gi ei straff som samtidig gir eit tydeleg signal, både til tiltalte og andre sjåførar, om at køyring i høg fart har store konsekvensar.

Les også: Kvinnene omkom da de var på vei hjem fra sommershow

Blindheimstunnelen
Blindheimstunnelen

Ueinige om ulykke i forkant

Politiet meiner også at kvinna i 20-åra var involvert i ei nestenulykke like før dødsulykka i Blindheimstunnelen. Då skal ho ha køyrd sin eigen bil, ein svart Mercedes.

I retten førre veke meinte forsvararen til kvinna, Reidar Andresen, at det ikkje er gode nok bevis for at det faktisk var bilen til kvinna som var involvert i denne hendinga, eller at det var ho som køyrde den.

Slik retten ser det meiner dei at denne observasjonen ikkje er bevis på at kvinna hadde ein hasardiøs køyreåtferd i forkant av ulykka, står det i dommen.

Reidar Andresen, under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund i fjor starta i dag.

Reidar Andresen er forsvararen til kvinna i 20-åra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også: Ber om nesten to års fengsel for kvinne i 20-åra etter dødsulykke i Blindheimstunnelen

Dei tre omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni 2022. Frå venstre: Kirsti Nedregård, Katrine Krogen og Janice Karina Buen.
Dei tre omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni 2022. Frå venstre: Kirsti Nedregård, Katrine Krogen og Janice Karina Buen.