Hopp til innhold

Utvidar sikting til aktlaust drap etter trafikkulykke som kravde tre liv

Politiet utvidar siktinga for ei ung kvinne til aktlaust drap etter ei dødsulykke i Ålesund i sommar. Tre personar omkom.

Blomster ved Blindheimstunnelen

TRE OMKOM: Tre personar omkom i ulykka i Blindheimstunnelen i juni. Sjåføren i den andre bilen er no sikta for aktlaust drap.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tre kvinner omkom i front-mot-front-kollisjonen i Blindheimstunnelen i Ålesund i sommar. Rett etter ulykka blei ei kvinne i 20-åra sikta for aktlaus køyring.

No utvidar politiet siktinga til aktlaust drap.

– Det som gjer at siktinga blir utvida er at vi har fått ulykkesrapporten frå Statens vegvesen og dermed veit meir om farta og akselerasjon til bilen inni tunnelen, seier politiadvokat Magne Baltzer Kvalvik ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Magne Kvalvik, politiadvokatt

Politiadvokat Magne Kvalvik ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Rapporten er ifølgje Kvalvik på nesten 100 sider. Den omtalar forhold ved dei to bilane, vegen, utlesing av data frå airbag-modulen i bilen - og ikkje minst fart og akselerasjon.

– Kva kan du seie om farta og akselerasjonen?

– Eg tenkjer det er ryddigast ikkje å seie så mykje om det no. Men det vi kan seie er at farta har vore over den lovlege fartsgrensa i Blindheimstunnelen.

Han ønskjer ikkje å seie noko om korleis kvinna stiller seg til utvidinga av siktinga.

Les også I denne boksen håper politiet å finne årsaka til dødsulykkene i trafikken

Chip frå ulykkesbil

Orienterte om utvidinga

Kvinna i 20-åra var frå før sikta for Vegtrafikklovens § 3 og skal måndag ha blitt orientert om utvidinga av siktinga til Straffelovens § 281 aktlaust drap.

I løpet av dagen var det også nye avhøyr av kvinna på politistasjonen i Ålesund, opplyser politiet.

Politiadvokaten seier at også dei pårørande er orienterte om at siktinga er utvida.

Mette Nyland er bistandsadvokat for dei pårørande til dei tre kvinnene som omkom i ulykka.

– Dei pårørande har forståing for at politiet har utvida siktinga. Dei ser fram til at etterforskinga snart kan avsluttast slik at saka kjem opp for retten, seier ho til NRK.

Mette Ekroll Nyland

Mette Nyland er bistandsadvokat for dei pårørande til dei tre kvinnene som omkom i ulykka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Etterforskinga snart ferdig

Om kort tid skal saka vere ferdig etterforska. Politiet ventar no på ein endeleg obduksjonsrapport etter det siste dødsfallet.

– Ein kan vente ei påtaleavgjerd før jul. Dersom det blir ei eventuell rettsak, vil eg tru det skjer ein gong på nyåret, seier politiadvokat Kvalvik.

Han seier det ikkje er aktuelt å sikte nokon av dei andre som var i bilen.

– Vi håper rapporten, saman med videoen frå tunnelen og etterforsking for øvrig, skal hjelpe til med å gi dei pårørande eit så godt svar som mogleg på kva som skjedde, seier han.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kommentar frå kvinna sin forsvarar.

Blindheimstunnelen

Tunnelen ligg om lag ei mil unna Ålesund sentrum, like ved kjøpesenteret Moa. Det er to køyrefelt i tunnelen. Tunnelen måtte stengast i fleire timar etter at dei to bilane hadde kollidert.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mange dødsulykker i år

Året og sommaren har vore dyster på norske vegar med mange dødsulykker. 1. november var det registrert 100 omkomne i trafikken hittil i år.

Særleg statistiklken i sommar gjorde at fleire vart uroa. UP-sjef Knut Smedsrud uttalte at det var lenge sidan han hadde sett ein så dyster statistikk.

Les også Dystre dødstall på veiene: – Nå må sjåførene være med og hjelpe oss