Hopp til innhold

Aggressiv bille gjer trea brune

I Brusdalen like utanfor Ålesund kan det sjå ut som om hausten har kome tidleg i år. Men forklaringa på dei brune trea, er ei heilt anna.

Brune tre Brusdalen
Foto: Lise Valgermo / NRK

Køyrer du på E39 innover Brusdalen kan du sjå ei rekke brune tre i vegkanten. Situasjonen er den same fleire andre stadar i fylket.

Halvor Solheim

Seniorforskar Halvor Solheim har ei god forklaring på kvifor brune tre er å sjå fleire stadar i fylket.

Foto: Lars Sandved Dalen / NIBIO bildearkiv

Men det er verken tørke eller saltskadar frå vinteren som har gjort trea brune.

– Det er nok seljebladbilla som har starta herjingane sine. Eg køyrde i det same området for om lag tre år sidan, og då var det òg sterke angrep av den same billa, seier Halvor Solheim, seniorforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Trea døyr ikkje

Den vesle billa er på rundt ein halv centimeter og et og legg egg på trea. Kvart år gjer den stor skade på seljeskog.

Brune trær Brusdalen
Foto: Lise Valgermo / NRK

I fleire år har det vore store angrep av seljebladbille i trøndelagsfylka og vidare sørover til Møre og Romsdal. Det har også blitt sett svake teikn til billa i den nordlege delen av Sogn og Fjordane.

– Billa kjem igjen år etter år, men i varierande grad og på ulike plassar, seier Solheim.

Trass i at seljebladbilla gjer blada på trea brune, fører den ikkje til stor skade på sjølve treet.

– Treet kan få litt skader og vekse dårlegare. Det er klart det ser stusseleg ut, men selje og andre artar har sovande knoppar, så når det er heilt krise, kan dei skyte ut desse knoppane og vekse. Så dei klarer seg bra, seier Solheim.

Ønsker observasjonar

Solheim fortel at det ikkje er så mykje å gjere med herjingane til billa.

Brune trær Brusdalen
Foto: Lise Valgermo / NRK

– Nei det er mogleg å bruke middel for å drepe billa på små område, men det er best å la naturen gå sin gang, seier han.

Solheim ber om at dei som opplever fenomenet melder det inn på nettsida skogskader.no.

– Vi oppfordrar folk til å legge inn skogskadar slik at dei blir registrert. På denne måten får vi får ei betre oversikt over dei ulike skogskadane som opptrer kvart år, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL