– Eg talde på eit lite område over hundre kvite flugesoppar.
Det seier Gull H. Pedersen, soppsakkunnig og styremedlem i Salten naturlag.
– Det er veldig spesielt.
Ho seier dei har funne mykje av den svært farlege soppen i område rundt Vatnvatnet, ein innsjø i Bodø kommune.
– Tidlegare år har vi kanskje funne ein eller annan av denne arten. Eg fann min første sopp i fjor her, og det var berre ein, seier Pedersen.
Den kvite flugesoppen er ein av dei vanlegaste giftsoppane vi har i Noreg. Det seier Pål Karlsen. Han er leiar i Noregs sopp- og nyttevekstforbund.
Den kvite flugesoppen er ein heilt kvit sopp som veks i lyng, barskog og blandingsskog.
Foto: Gull H. PedersenKarlsen seier ein kan finne den kvite soppen over heile landet, og han trivst best i bar- eller blandingsskog.
– Vi har fire dødelege soppar i Noreg, og kvit flugesopp er ein av dei.
– Eit uføreseieleg vesen
Og grunnen til at Pedersen og Salten naturlag har funne så mykje av soppen i Bodø-området, er vêret.
– Vi veit ikkje, men vi trur det har noko med dei store variasjonane i temperatur og nedbør, som gjer at soppen plutseleg kjem i store mengder. Det er eit eller anna som gjer at det i Nord-Noreg no er heilt fantastisk bra for flugesoppen, seier Karlsen og legg til:
– Sopp er eit uføreseieleg vesen. Han kjem og går på ein heilt annan måte enn plantar, tang og tare. Det er forskjellige ting som triggar soppane til å kome fram.
Leiar i Noregs sopp- og nyttevekstforbund, Pål Karlsen seier vi har fire dødelege soppar i Noreg, og kvit flugesopp er ein av dei.
Foto: privatHan bor sjølv i Oslo og går på soppjakt over hele det sentrale Austlandet. Han fortel at han har sett ganske mykje av den kvite flugesoppen i år også der. Men ikkje noko unormale mengder.
– Å sjå så mykje av den på ein stad som de har gjort i Bodø er veldig spesielt. Eg har sjølv sett det berre eit par gongar på Vestlandet.
Det vi kallar soppen, det er «eple» eller fruktlekam. Det er det vi kan plukke, medan sjølve soppen er tynne trådar som ligg ned i jorda og ventar på riktig vêr for å spreie sine sporar, seier Karlsen.
Men sjølv om vi kallar det for «eple», må du på ingen måte ete han.
– Soppen er dødeleg om du ikkje kjem raskt til behandling. Han inneheld eit giftstoff som heiter amatoksin, seier Karlsen.
Øydelegge nyrer og lever
Det stoffet blir ikkje øydelagt om du steiker eller kokar soppen. Og om du får i deg soppen, vil du kjenne dei første symptoma mellom seks og 24 timar, ifølge Karlsen.
– Først får du kraftig diare, så får du magesmerter og oppkast. Om du ikkje får behandling i løpet av to til seks dagar blir levra og nyrene øydelagd. Og då må ein ha levertransplantasjon eller så dør du.
Heldigvis har det ikkje vore meir enn to dødsfall dei siste 50 til 100 åra, ifølge Karlsen.
Likevel vil Pedersen og Salten naturlag formidle til folk som plukkar sopp, og som elles ferdast i skog og mark, om å la den kvite soppen stå.
– Du må gjerne studere soppen og ta bilete av han, men iallfall ikkje plukke han med deg i same korg som du har matsopp. Ta gjerne også ein prat med borna om å la kvite soppar stå.
Er du ny i soppverda og ikkje har nokon til å sjekke soppen din, så ligg unna dei heilkvite soppane, seier Pål Karlsen.
Foto: Gull PedersenHo fortel vidare at om du kjem på soppkontroll med ei korg full av kantarellar og ein kvit flugesopp, må du kaste heile korga.
– Vi kjem ikkje til å godkjenne kantarellen som matsopp når han har lege i same korg som ein kvit flugesopp. Det skal berre ein bit på storleik med ein sukkerbit til, før ein blir alvorleg sjuk.
Kan forvekslast
Den kvite soppen kan fort hamne i soppkorga om ein ikkje følger nøye med.
Kvit flugesopp kan til dømes forvekslast med sjampinjong, seier leiaren i Noregs sopp- og nyttevekstforbund. Unge flugesoppar kan også forvekslast med røyksoppar.
– Det er ein del heilkvite soppar som vi plukkar, og det er fort gjort å ta feil når du er vågal og ikkje sjekkar korga med nokon som kan sakene, seier Karlsen.
Men folk blir som oftast ikkje forgifta fordi dei trur dei har plukka sjampinjong eller røyksopp.
– Dei fleste forgiftingar med kvit flugesopp skjer fordi han kan forvekslast med ein god asiatisk matsopp, seier Karlsen.
Difor anbefaler både Gull Pedersen og Pål Karlsen folk til å ta med korgene sine til soppkontroll eller bruke Noregs sopp- og nyttevekstforbund sin digitale soppkontroll.
– Er du ny i soppverda og ikkje har nokon til å sjekke soppen din, så ligg unna dei heilkvite soppane, avslutta Karlsen.