Hopp til innhold

Forskar på dialektendringar: – Trur endringsfarta er større enn for nokre år sidan

Dialektforskaren trur dialektene våre endrar seg raskare no enn før. Det skal eit nytt forskingsprosjekt på Høgskulen i Volda no kartlegge. – Viktig arbeid, meiner Noregs Mållag.

Karin Fløtre Dahl og Stig Helset, dialektprosjekt Volda

Karin Fløtre Dahl i full sving med å svare på spørsmål. Dette er ein del av dialektprosjektet. I tillegg er det ein munnleg del. Til høgre sit professor Stig J. Helset ved Høgskulen i Volda. Han er leiar for prosjektet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Professor Stig Helset gjer seg klar på eitt av kontora i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Ein ny deltakar skal i elden. Testen er todelt. Først skal deltakarane gjere ein munnleg test så ein skriftleg.

Karin Fløtre Dahl frå Innselsetbygda i Dalsfjorden i Volda kommune set seg godt til rette i stolen. Ho vart oppmoda om å melde seg på prosjektet frå kollegaer.

Karin Fløtre Dahl

Karin Fløtre Dahl frå Innselsetbygda i Volda kommune svarar på oppgåvene i dialektprosjektet ved Høgskulen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det var vel fordi eg brukar ein del dialektord innimellom. Ord som er litt gamle og som alle ikkje alltid forstår, seier ho. Dessutan synest eg dialektar er interessant. Det å halde på dialekta mi, det handlar om identitet og om å vite kvar eg kjem frå.

Første gong for Volda

Det er aller første gong Høgskulen i Volda har eit slikt forskingsprosjekt med så mange deltakarar, fortel professor Stig Helset. Det er gjort liknande prosjekt andre stader i Noreg tidlegare, seier han.

Stig Jarle Helset, professor, Institutt for språk og litteratur

Stig Jarle Helset, professor, Institutt for språk og litteratur

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har ei god fordeling med tanke på kjønn og alder, og har stort sett så mange deltakarar som vi treng, seier prosjektleiaren.

– Vi har klare indikasjonar på at dialektene i Ørsta og Volda er i endring. Det vil seie, det veit vi at dei er, men vi trur at endringsfarta er større enn det som var tilfelle for nokre tiår sidan. Derfor ønsker vi å gjere ei større og meir systematisk kartlegging, seier Helset.

Viktig forsking meiner mållaget

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner det er viktig at det vert forska på dialektene si utvikling.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner dei som produserer læremidla i dag utnyttar regelverket og at skiljet mellom læremiddel og læringsressurs er konstruert og kunstig.

Peder Lofnes Hauge, er leiar i Noregs Mållag

Foto: Tuva Åserud / Fotograf Tuva Åserud

– For ein del av dei norske dialektene er stoda dramatisk, seier Lofsnes Hauge.

Han legg til at talemålet vert meir einsretta, noko som mellom anna heng saman med at mange flyttar til og rundt dei store byane her i landet.

– Det krev ein innsats både frå storsamfunnet og frå kvar enkelt av oss å halde dialektene i hevd, seier leiaren for mållaget, og held fram:

– Kvar gong ei dialekt forsvinn misser vi eit stort stykke Noreg. Vi misser identitet og om dialektene vert meir einsretta er det mange menneske som misser eit ryggstø for nynorsken sin.

Dialekt engasjerer

I Volda gjer Frode Løvik seg klar til å svare på spørsmål frå professor Stig Helset. Løvik kjem også frå Dalsfjorden i Volda, frå Dravlausbygda.

Frode Løvik, dialektprosjekt Volda

Frode Løvik konsentrerer seg om oppgåvene når han er ein av mange deltakarar på dialektprosjektet i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg synest i grunnen det er litt vemodig med endringar i dialektene, seier han med ein liten latter. Ikkje mi eige dialekt, men sånn generelt sett. Eg er nok i overkant opptatt av dialekter, seier 62-åringen.

– Dialekter er noko som framleis engasjerer. Det er berre å lese ulike forum på sosiale medium, seier han.

Store arbeidsplassar påverkar dialektutviklinga

Professor Stig Helset seier det er mange som meiner mykje om dialekter. Men for å seie noko vitskapleg og sikkert treng ein eit høgt tal deltakarar i eit slikt forskingsprosjekt, med ei god fordeling, mellom anna med nokre frå bygdene og nokre frå sentrum.

– Vi ser nok at det er skilnader på dialektutviklinga i Volda sentrum samanlikna med bygdene, seier Helset. Ei forklaring på det er dei store arbeidsplassane i sentrum, som sjukehuset og høgskulen, der mange tilsette har flytta til Volda frå Austlandet til dømes. Dermed vert dialekta også meir påverka i sentrum enn i bygdene, seier han.

Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda

Store arbeidsplassar som Høgskulen i Volda påverkar dialektutviklinga i sentrum. Her bilde av Berte Kanutte-huset.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Når intervjua er ferdig med rundt 150 deltakarar vert resultatet publisert i ulike vitskaplege artiklar. Men ettersom dialekter engasjerer så sterkt, vil det også bli skrive kronikkar, seier Stig Helset.

Og for å vere på den sikre sida, vert lydopptaka dei gjer tekne vare på.

– Kanskje kjem det ein ny professor i Volda i år 2053 som vil forske på dette på nytt. Då kan det vere greitt å ha desse opptaka frå 2023 tilgjengelege, seier Helset med eit smil.

Opptaksutstyr dialektprosjekt

Lydopptak av dialektprosjektet skal lagrast på ein sikker server og kan vere nyttig når nye prosjekt skal gjerast, om kanskje 30 år

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL