Hopp til innhold

Dette skulle eigentleg vere klasserom no

FREI (NRK): Skulen har byrja. Men dei nye klasseromma manglar både vegger, tak, dører og vindauge. Mens dei ventar får elevane undervisning i gymsalen.

Bjerkelund skole på Frei i Kristiansund var blitt alt for liten. Til skulestart skulle 500 kvadratmeter med nye klasserom stå klart. Slik blei det ikkje. Og elevane må vente lenge før dei nye klasseromma er på plass.

Gunnar Haugan

Gunnar Haugan er rekro på Bjerkelund skole.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Her skulle det ha vore fire nye klasserom, seier rektor Gunnar Haugan og peiker ut over byggeplassen.

Det nye brakkebygget skulle også ha garderobar, personalrom og toalett. Men byggearbeidet har stoppa. No må skulen legge om undervisninga, og samle fleire klasser der det eigentleg skulle ha vore kroppsøving og undervisning i mat og helse.

– Manglar dokumentasjon

Bjerkelund skole er bygd for 175 elevar. Denne veka starta 213 elevar ved skulen. Den nye brakkeriggen skulle løyse eit mangeårig plassproblem. Men arbeidet blei stoppa av kommunen sjølv.

Roald Røsand

Roald Røsand er eigedomssjef i Kristiansund kommune.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Brakkeriggen skal stå lenge. Barn skal ha undervisning der. Vi må forsikre oss om at brakkeriggen er bygd i samsvar med dei krava og reglane som gjeld for slike bygg, seier Roald Røsand, eigedomssjef i Kristiansund kommune.

Kommunen hevdar dei ikkje har fått dokumentasjon på at bygget tilfredsstiller krava til varme, energi og lydforhold.

Dette må vi ha på plass før arbeidet kan halde fram, seier Røsand.

Vurderer å flytte klasser

Når gymsalen blir brukt til klasserom er kroppsøvingstimane flytta utandørs. Dette er ei ordning som skulle vare i to veker. No ser dette ut til å vare mykje lenger.

Vi vonar dette skal kome i orden om eit par månader, seier Røsand.

For skuleleiinga har det utvida tidsperspektivet ført til ein ny gjennomgang på korleis situasjonen skal løysast.

– Når det no viser seg at det kan bli eit lenger perspektiv før vi får ferdigstilt brakkeriggen. Då må vi truleg flytte ein klasse eller to til ein annan stad for ein periode, seier rektor Gunnar Haugan.

Kristiansund kommune ønskjer ikkje å opplyse kven leverandøren av brakkene er. Det har dermed vore umogleg å innhente kommentar frå leverandøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL