Hopp til innhold

Samlar inn pengar til flygel i toppklasse

Amatørmusikar Bente Mangerud vil samle inn nesten 800 000 kroner til eit flygel som skal plasserast i ein låve på Leira i Ørsta kommune, inst i Hjørundfjorden. John Inge Leira Bjøringsøy driv på for fullt med å gjere om låven til eit konsertlokale.

Ho vil samle inn knapt 800 000 kroner til eit flygel som skal plasserast i eit nytt konsertlokale i ein låve på Leira inst i Hjørundfjorden.

Vil ha flygel på Leira

Både Bente og John Inge er amatørmusikarar. Ho på trombone, han på flygel eller piano. På heimgarden til Bjøringsøy var det meininga at han skulle drive med gardsdrift, men no går mykje av tida med til å bygge om det største romet på låven til eit konsertlokale med store vindauge som skal gi panormautsikt ut over Hjørundfjorden. I løpet av året håper han å vere ferdig slik at det skal kunne arrangerast både store og små konsertar der.

Dette vesle instrumentet skal erstattast med eit flygel

Dette vesle instrumentet skal erstattast med eit flygel på denne låven der det vert arbeidd for fullt med å lage eit spesielt konsertlokale.

Foto: Arne Flatin / NRK

I mellomtida jobbar Bente Mangerud intenst med å skaffe pengar til eit C212 kammerkonsertflygel fra Steingraeber & Söhne. Prisen: 794 000 kroner. Så langt har ho samla inn over 100 000 kroner, og er i grunnen godt fornøgd med den starten.

Bente er amatørtrombonist i symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, og har sidan i fjor haust spelt saman med John Inge Leira Bjøringsøy på ulike recital og konsertar.

Lokale for alle

Ho ønsker no å gi noko tilbake til John Inge som stiller opp for mange. Difor kom ideen om eit flygel. Ho meiner det er realistisk å samle inn nok pengar til eit flygel av denne typen. I utgangspunktet tenkte dei bruktmarknaden og ei prisklasse på 2-300 000 kroner, men etter å ha prøvespelt det frå Steingraeber & Söhne, var det ikkje tvil. Dei ville gå for kvalitet.

Bente Mangerud og John Inge Leira Bjøringsøy

Bente Mangerud og John Inge Leira Bjøringsøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bjøringsøy fortel at det var som om instrumentet gjekk i eitt med han då han spelte på dette flygelet. Han trur flygelet i tillegg til det spesielle konsertlokalet kan trekke til seg folk både lokalt og nasjonalt.

Han vil at lokalet skal kunne brukast av alle, alt frå kulturskulen til proffar. Ofte opplever dei sjølve som amatørmusikarar at det kan vere vanskeleg og tungvint, og ikkje minst dyrt å få tilgang på eigna lokale til konsertar og øvingar.

Bente Mangerud har oppretta ei eiga side på Facebook for prosjektet sitt:

https://www.facebook.com/frendefinansiertflygel/?fref=ts

Bente Mangerud og John Inge Leira Bjøringsøy spelar saman

Sjå og høyr Bente Mangerud og John Inge Leira Bjøringsøy spele saman på låven der det skal byggast konsertlokale og plasserast eit flygel til 800 000 kroner. Det er i alle fall draumen dei to har.