Hopp til innhold

Dette «klikka» vi på i 2012

Då vi gjekk inn i 2012 var orkanen «Dagmar» den store saka. Likevel er det verken orkan eller sjukehusstrid som toppar klikk-statistikken på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.

Populære nettsaker

Desse bileta er henta frå nokre av dei mest leste nettsakene frå Møre og Romsdal i 2012.

Foto: NRK

Her er sakene som publikum «klikka» på i 2012. På klikketoppen hamnar stort sett saker som publikum også utanfor Møre og Romsdal viser interesse for. Dramatikk blant høge fjell, frekke sexartiklar og nære historier om menneske vi kan identifisere oss med fører til høge lesartal.

Bla deg nedover sida. Klikk på lenkjene. Då får du ta del i det som lesarane våre tykte var mest klikkverdig i 2012.

Uheldig turnar fall rett i stupet

Svingstangulykke i Eikesdal

Turnar og basehoppar Richard Henriksen skulle teste stanga. Men då gjekk det gale.

Foto: Bjørn M. Øverås

Produksjonen av programmet «Normal galskap» førte til den største nettsuksessen frå Møre og Romsdal i 2011. Om lag 100.000 lesarar kasta seg over artikkelen.

Turnaren og basehopparen Richard Henriksen skulle svinge seg i svingstonga på kanten av fjellet i Eikesdalen. Stanga lausna og Henriksen stupte ned fjellsida.

Artikkelen blei publisert 13. august.

Det har skjedd før og det vil skje igjen

Fantefilm - Bølgen

Dette biletet er henta frå ein reklamefilm for den påtenkte filmen «Bølgen». Det er eitt av dei mest sette bileta frå nettilbodet frå NRK Møre og Romsdal i 2011.

Foto: Fantefilm

Dramatiske bilete vekkjer oppsikt på nettet. Denne gongen var det eit tillaga og urealistisk bilete som vekte oppsikt. Biletet er henta frå forarbeidet til Noregs første katastrofefilm, «Bølgen».

12. januar kunne NRK Møre og Romsdal fortelje at selskapet «Fantefilm» arbeider med planar om denne filmen, og ville søkje om produksjonsstøtte.

Folk har blitt langt frekkare

Kristin Gåseidnes

Kristin Gåseidnes kunne vise fram noe av det sexleketøybransjen har å by på. Dette gjorde ho i ein artikkel i november.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sex ser framleis ut til å «selje» på internett. Og i butikkane som sel sexleiketøy går omsetnaden raskare enn nokon gong, om ein skal tru på historia som NRK Møre og Romsdal kom med i november.

I artikkelen blir det hevda at folk er blitt frekkare med åra.

– No har vi verken bil eller papir

Knuste bil

Slik blei den rumenske bilen sjåande ut etter hendinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

I slutten av september blei det eit ublidt møte mellom ei gruppe rumenarar og lokalbefolkning i Ørskog. Folk frå Ørskog meinte at rumenarane var tjuvar, og ville setje ein stoppar for aktiviteten deira. Enden på visa blei at bilen til rumenarane blei fullstendig knust.

Dei involverte partane hadde noko forskjellig framstilling av det som skjedde.

Hødd med sensasjonell cupsiger

Hødd feirer cupgullet på Ullevål
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

25. november 2012 vil for all tid vere ein merkedal i Ulstein. Hødd sørgde for ei av tidenes cupbomber då dei slo storfavoritt Tromsø i cupfinalen, etter straffekonkurranse.

NRK Møre og Romsdal hadde ei brei dekning av folkelivet i hovudstaden cupfinalehelga, sjølve cupfinalen og av feiringa i Ulstein då sigeren var eit faktum.

– Dei fleste menn er ikkje eigna til å ta seg av born åleine

Far med baby

Den svenske professoren Annika Dahlstrøm meiner at fedrar ikkje bør ha åleineansvar for born før dei er 3–4 år gamle.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Kontroversielle utsegner vekkjer oppsikt. I januar tok NRK Møre og Romsdal utgangspunkt i utsegner frå den svenske professoren Annika Dahlstrøm. Ho meiner at det kan vere direkte skadeleg for barna om fedrane tek seg av små born åleine.

Artikkelen vekte stor diskusjon og mykje aktivitet i kommentarfeltet.

– Må kome meg vidare i livet

Eirik Kursetgjerde

Her er Erik Kursetgjerde på veg til rettssalen i Ålesund.

Foto: Brede Røsjø / NRK

I april opplevde mange harde dagar, då rettssaka etter terrorhandlingane i Regjeringskvartalet og på Utøya tok til. Dagen då rettssaka starta, følgde NRK Møre og Romsdal Eirik Kursetgjerde på vegen til overføringsrettssalen i Ålesund.

NRK hadde ei omfatta dekking av rettssaka både på radio, TV og på Internett.

Molde blei seriemeisterar

Molde

Her kan kaptein Daniel Berg Hestad løfte gull-trofeet etter at alle spelarane har fått på seg gullmedaljane.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Den 11. november blei Molde seriemeisterar. Dette var klart etter 1-0-sigeren over Hønefoss.

Feiringa fekk brei dekning på NRK.no.

Sat fast i leire med vatn til livet

Satt fast i kvikkleire

Eleven frå Romsdal vidaregåande skule blei redda av mannskap frå brannvesenet og frå skulen-

Foto: Molde brannvesen

Den 7. juni kunne NRK Møre og Romsdal fortelje om ein skuletur som blei meir dramatisk enn det deltakarane kunne ønskje seg. Elevane frå Romsdal vidaregåande skule var på Nesjestranda og skulle bade.

15-åring slo 1314 løparar i Oslo

Live Solheimdal

Etter løpet poserte Live Solheimdal frå Molde saman med TV-kjendis Petter Pilgaard.

Foto: Tone Johannessen Solheimdal

Gode idrettsprestasjonar er godt nettstoff. Live Solheim (15) deltok på KK-Mila i Oslo ein laurdag i september. Og sjølv om ho er berre 15 år slo ho alle deltakarane, uansett aldersklasse.

Kjempa for å kvitte seg med lege

Statens Helsetilsyn

Statens helsetilsyn granskar ei rekkje saker mot legen.

Foto: Christian Thomassen/Scanpix

19. september 2011 fortalde NRK Møre og Romsdal at ein tidlegare fastlege på Nordmøre blir etterforska for å ha misbrukt frikortsystemet hos NAV over lengre tid.

Bustadplattforma på Njord måtte evakuerast

Njord A pg Floatel Superior

Det var den raude bustadriggen Floatel Superior som fekk slagside.

Foto: Equinor

I sterk vind fekk bustadriggen Floatel Superior på Njord-feltet slagside 7. november. Riggen måtte evakuerast, og store deler av mannskapet blei flogne til Kristiansund.

Bustadriggen blei til slutt slept inn til Kristiansund.

Fly frå Tyrkia til Ålesund i brann

Fly Tyrkia

Det begynte å brenne i dette flyet før avgang frå Antalya. Passasjerane måtte evakuerast.

Foto: Can Dağlıoğlu

Ein av passasjerane på flyet var motebloggar Lene Orvik frå Ålesund. Ho kunne fortelje at mannskap forlet flyet utan å hjelpe passasjerane først.

Passasjerane opplevde imidlertid situasjonen ulikt, men det var ei dramatisk og uhyggeleg oppleving for dei fleste.

Nedkjølte barn blir behandla ulikt

Gut nedkjølt Stordalen

Her er Sakarias på soverommet sitt. Senga er bygd om. I 2011 forlet han senga og kom seg ut i 10 minusgrader.

Foto: Roar Strøm / NRK

Barn som blei sterkt nedkjølt blei eit tema i fleire forskjellige samanhengar det siste året. Saka kom opp i samband med drukningsulukkene ved Karihola i Kristiansund.

Og i januar 2011 fortalde foreldra til Sakarias Øvrebust om sine erfaringar, etter at Sakarias blei sterkt nedkjølt året før.

Barnet blei «borte» på føden

Marian Ahmad og ungen

Marian Ahmad fekk ikkje tolk på Molde sjukehus før etter fem dagar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mange blei engasjerte då vi 3. oktober i år kunne fortelje om Marian Ahmad som vakna på føden etter keisarsnitt, og ikkje kunne finne att barnet sitt. Først dagen etter fekk ho vite kvar barnet var.

Artikkelen sette blant anna fokus på behovet for tolkar ved sjukehusa.

– «Akutt hjelp» er ein saga blott

Gerd Iren og Andre Sæthermyr

Gerd Iren og André Sætremyr meiner at mor deira kunne ha vore i live, om ikkje legevakta hadde vore nedlagt.

Foto: Roar Strøm / NRK

I oktober sette NRK Møre og Romsdal søkjelys på dei nye fastlegeforskriftene. Ifølgje KS kan desse forskriftene gje ein nasjonal mangel på fastlegar.

Søskenparet Gerd Iren og André Sætremyr meiner mor deira kunne ha vore i live, dersom legevakta hadde fungert slik den burde.

– Kan ikkje vere naiv og tru av eg er kvitt spisevegringa

Mette Hanekamhaug

Mette Hanekamhaug (Frp) representerer Møre og Romsdal på Stortinget.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

I februar fortalde Stortingsrepresentant Mette Hanekamhaug om spisevegringa ho har slite med.

Ho er erklært frisk av spisevegringa, men tør ikkje tru at alle problema er over.

Var det eigentleg mårhund?

Mårhund

Dette biletet sette fart i spekulasjonane om det var observert mårhund på Sunnmøre.

Foto: Viltkamera

Av og til tek spekulasjonane av. Det gjorde dei verkeleg då rykta om observasjonar av mårhund blei spreidde på Sunnmøre.

Nokre dagar seinare slo ekspertane fast at det nok berre var snakk om ein mår.

Stranda kommune er bankerott

Roaldsheisen på Strandafjellet

Satsinga på skianlegget på Strandafjellet blei som eit symbol på pengebruken i Stranda.

Foto: Markus Plementas / NRK

I september nærma tida for kommunebudsjett seg med stormskritt. Og i Stranda hadde vanskane tårna seg opp.

Denne saka fulgte NRK Møre og Romsdal vidare utover hausten og vinteren.

Feriemareritt utan reiseforsikring

De thailandske sykepleierne kunne ikke engelsk

Dei thailandske sjukepleiarane kunne ikkje engelsk.

Foto: Dag Folkestad / Sjømannskirka

28. juni fortalde vi historia om Kim Rishaug frå Ålesund. Då han vakna opp lam på sjukehus i Thailand etter ei motorsykkelulukke, oppdaga han at reiseforsikringa var utgått.

Turistar trassar sperringane og leikar med livet

"Prikken" i rød er en dame som sitter helt på stupet.

Prikken i raudt er ei dame som sit heilt ute på stupet.

Foto: Bjarne Eldevik

I slutten av juli fortalde vi historia om dei mange turistane i Geiranger som trassar sperringane, og går heilt ut på kanten av det stupbratte Flydalsjuvet.

Historia vekte sterke reaksjonar.

Kom Odd, og sjå kva som er i hagen!

Ei moskusku blei skoten i Rauma

Slik gjekk det med den nærgåande moskuskua i Rauma.

Foto: Ingar Sølsnes / Privat

Astrid Solbjørg Holm og ektemannen Odd på Åndalsnes fekk uventa besøk i hagen ein laurdag i august.

Den nærgåande gjesten måtte skytast til slutt.

Miste halve familien på fire månader

Miste livet
Foto: NRK

Nokre menneske får oppleve meir vondt enn det er mogleg å tenkje seg. 2. januar 2011 fortalde vi historia om May-Britt Flåten som opplevde å miste to barn, i to forskjellige ulukker, på kort tid.

Såpeglatt i november

Bil på glatta i Breivika i Ålesund

Slik hamna to bilar utfor ein skrent i Breivika i Ålesund den 5. november 2011.

Foto: MMS-bilete

I november vart det såpeglatt på vegane igjen. Ikkje alle var budde på dette.

Bileta av dei første bilane i grøfta medverka nok til at folk frå heile landet gjerne leste denne artikkelen frå Møre og Romsdal.