Hopp til innhold

Kom å sjå Odd, kva som er i hagen!

Astrid Solbjørg Holm og ektemannen Odd på Åndalsnes fekk uventa besøk laurdag morgon.

Ei moskusku blei skoten i Rauma

Den døde moskusen i Rauma. ( Foto: Ingar Sølsnes )

Foto: Ingar Sølsnes / Privat

Ei moskusku hadde forvilla seg inn i hagen. Astrid las i avisa om jakta på moskusen då ho såg dyret rusla berre nokre meter unna.

Blei forundra

– Eg blei ikkje redd, berre litt forundra, seier Astrid. Så ropte eg på mannen min, Odd, at han måtte kome å sjå, seier ho.

Moskuse og små fuggler

Moskus ( illustrasjonsbilete )

Foto: Mette Brandsgård, Folldal

Etter å ha knipsa nokre bilete ringte Odd til politiet. Etter ein halv time kom jegarar frå viltnemnda i kommunen. Dei hadde vore på moskusjakt sidan i går ettermiddag. Då fekk nemleg viltnemda løyve til å skyte moskusen. Første observasjonen blei gjort i Vengjedalen i Isfjorden. Sidan vandra dyret til Åndalsnes.

Frode og Ingar blei banemenn

To av jegararne som kom til Astrid og Odd var Frode Malones og Ingar Sølsnes. Dei fekk losna kvart sitt skot mot dyret.

– Vi ville vere sikker på at moskusen døydde, seier Frode Malones.

Udramatisk

Reidar Brude er fungerande leiar i viltnemnda i Rauma. Han seier til NRK at avlivinga skjedde udramatisk.

– Nei, det var ingen dramatikk. Moskuskua blei pent og pynteleg skoten i ein hage utanfor huset der den blei observert. Alt gjekk roleg og greitt føre seg, seier Brude.

– Var det noko dramatikk i forkant av avlivinga?

Det var det ikkje. Dyret gjekk roleg i hagen og var ikkje i kontakt med menneske der. Så det var heilt utan fare, seier han.

Flådd og skinnet selt

Moskus på Dovre

Moskusen held vanlegvis til på Dovre. Det er truleg eit dyr frå flokken som forvilla seg til Rauma.

Foto: Christiane Wüllner

Moskusen er no flådd, og det gjekk ikkje lang tid før skinnet var selt. Ein av dei som var med i jaktlaget fekk tilslaget. Ei lokal kjøtforretning har kjøpt kjøtet.

– Med ei slaktevekt på 105 kilo blir det mykje moskuskjøt, seier Frode Malones.