Hopp til innhold

15-åring slo 1314 løparar i Oslo

Live Solheimdal (15) frå Molde slo i alt 1314 løparar, i alle aldersklasser, under KK-mila i Oslo laurdag. – Eg trur ikkje ho som kom på andreplass likte at eg vann, seier 15-åringen.

Live Solheimdal

15 år gamle Live Solheimdal frå Molde slo 1314 kvinner, i alle aldersklasser, under KK-mila i Oslo sentrum. Her etter løpet, saman med TV-kjendis Petter Pilgaard.

Foto: Tone Johannessen Solheimdal

– Det var så mykje folk at eg måtte presse meg fram til startstreken.

Det fortel 15 år gamle Live Solheimdal, som er langdistanseløpar i friidrettsklubben Molde Olymp.

Laurdag formiddag var ho éin av 1315(!) utøvarar på startstreken av KK-mila i Oslo. Løpet er for jenter og kvinner, og går over fem kilometer.

Live Solheimdal

15 år gamle Live Solheimdal frå Molde er rekna som eit stort langdistansetalent i Molde.

Foto: Tone Johannessen Solheimdal

– Ein måtte vere litt frekk

Solheimdal gjekk hardt ut frå start, og tok raskt leiinga.

– Eg leia heile løpet, og låg eigentleg langt framfor dei andre. I byrjinga måtte eg derimot vere litt frekk og presse meg fram, seier 15-åringen til NRK.

Utover i løpet fekk ho besøk bakfrå.

– Etter kvart kom det ei anna dame, ho var sikkert litt oppe i 30-åra. Ho låg lenge bak meg og jakta.

– Men eg klarte å halde heilt inn. Eg spurte i mål og det blei siger, fortel ei sprudlande glad Solheimdal.

– Kva syntest ho om å bli slått av ein 15-åringen frå Romsdalen då?

– Nei, det trur ikkje eg ho likte. Men ho gratulerte meg då kom i mål då, svarer 15-åringen.

Vinnartida var 19.36, så vidt framfor nummer to.

Live Solheimdal

Her er 15-åringen frå Molde like etter KK-mila i Oslo. Ho vann med tida 19.36.

Foto: Tone Johannessen Solheimdal

På landslagssamling i handball

Solheimdal er rekna som eit stort friidrettstalent i Molde, og har delteke i Toppidrettsveka og mange ulike løp i Noreg.

– I det siste har det derimot blitt mest eigentrening og handball. Eg prøver å drive på høgt nivå i både handball og friidrett, fortel 15-åringen.

Ho har tidlegare i år og i fjor delteke på landslagssamlingar i handball, samtidig som ho spring langdistanse for Molde Olymp.

– Det er kanskje ikkje så lett å velje kva ein skal drive med?

– Nei, det er det ikkje, men eg vil halde på med begge deler så lenge som mogleg. Kombinasjonen er veldig god, meiner Solheimdal.

– Men kvifor er akkurat du så god då?

– Nei, det veit eg ikkje ... Men eg har fått veldig mykje støtte frå ho mamma og han pappa. Dei melder meg på der eg har lyst å delta, og så får eg det eg treng. Eg er vel eigentleg ganske bortskjemd, flirer jenta – som blir 16 år om éi veke.

Live Solheimdal

Etter målgang blei ho gratulert av Else Kaas Furuseth, kjent frå TV. Ho leia arrangementet.

Foto: Tone Johannessen Solheimdal