Hopp til innhold

– Dette er starten på å kome seg vidare i livet

Ålesund (NRK.no) Erik Kursetgjerde (18) er prega av det som skjedde på Utøya. For han er rettssaka starten på prosessen med å kome seg vidare i livet.

Eirik Kursetgjerde

Erik Kursetgjerde på veg til overføringsdomstolen Sunnmøre tingrett. – Det var tungt å vere i retten i dag, seier han.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Erik Kursetgjerde har sett gjerningsmannen før. Han har site i same rom som han, under det første fengslingsmøtet. Sjølv om Kursetgjerde i dag sat i rettssalen i Ålesund og følgde saka på storskjerm, blei det nokre vanskelege timar.

– Det var tungt å vere der. Eg reagerte særleg på reaksjonsmønsteret hans. Han såg urørt ut under gjennomgangen av ofra. Men han tok til tårene under framvisinga av propagandafilmen han sjølv hadde laga, fortel Kursetgjerde.

– Fleire forlet salen

Dei som sat i salen i Ålesund og dei andre overføringsdomstolane fekk sjå og høyer det same som alle som var i Oslo tingrett. Særleg vanskeleg blei det då det blei spelt av lydopptak av ein telefonsamtale som ei av jentene på Utøya hadde med politiet.

Fleire forlet salen under avspelinga av lydloggen, fortel Kursetgjerde.

– Oppgjer med vondskapen


Tidleg måndag morgon reiste Erik Kursetgjerde frå Sykkylven til Ålesund for å følgje rettssaka frå overføringsdomstolen Sunnmøre tingrett.

– Det skal bli godt å kome seg vidare. Det er poenget for min del. Det handlar om å ta oppgjer med vondskapen, og å kome seg vidare, seier Kursetgjerde til NRK.

Overføringsdomstol Ålesund

Kursetgjerde følgde i dag rettssaka her frå Sunnmøre tingrett. Media har ikkje tilgang til desse lokala under rettssaka.

Foto: Terje Reite / NRK

– Noko av det verste ein kan sjå

Kursetgjerde sit att med sterke inntrykk etter terroren 22. juli. Han var nær gjerningsmannen fleire gonger, og var ved pumpehuset på Utøya og såg fleire leirdeltakarar bli drepne.

Når ein ser ei gruppe på 20 ungdommar berre falle saman, så er dette noko av det verste ein kan sjå. Det meste av det eg hugsar frå den dagen er frå området ved pumpehuset. Mange blei drepne der, seier Kursetgjerde.

– Blei verande heile dagen

I dag blei Erik Kursetgjerde sitjande i retten til det heile var slutt. Han blei sliten og kjenner seg ikkje heilt trygg på at det var rett.

Eg kunne nok ha forlate rettssalen litt før, seier Kursetgjerde til NRK.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.