Hopp til innhold

Ferieidyll vil kvitte seg med dieselrøyk

Langs heile norskekysten finst det små øyar som ikkje er knytte til straumnettet. Både naturvern og freding av bygningar gjer vindmøller og solcelle uaktuelle. Framleis må det brennast store mengder diesel for å få nok straum.

Nordvest for Kristiansund ligg det idylliske fiskeværet Grip. Midt i idyllen durar det dieseldrivne kraftverket. Arbeidet med å skaffe fast, miljøvennleg straum til slike øyar kan gjere dei til kraftfulle ladestasjonar. Og det hastar med å finne alternativ.

Ole Thomas Bollis Thomassen

Ole Thomas Thomassen går under namnet Bollis både i Kristiansund og Grip. Her er han ved dieselkraftverket på øya.

Foto: Terje Reite / NRK

– Her går det mykje diesel. Kraftverket er kobla på frå klokka 08.00 om morgonen til midnatt. I helgane har vi straum til klokka 01.00. Vi må ha dekning på kortet når tankbåten kjem med 8000 liter diesel, seier Ole Thomas «Bollis» Thomassen.

Fiskevær langt til havs

Det vesle fiskeværet Grip var ein gong eit livskraftig samfunn. I tidlegare tider har øya vore underlagt både biskop og væreigarar. Grip var også eigen kommune fram til avfolkinga i 1964. No er det fritidsbustader og reiseliv som dominerer øya.

– Velkommen til Grip. Der er fantastisk på Grip i sommarsesongen med mange besøkande. No går det mot haust og mange skal stenge ned fritidshusa sine. Men vi som har eigne båtar brukar husa her store deler av året, seier Thomassen.

På kaia blir dei tilreisande helsa velkomne av ein hærskare av krykkjer. Eit par krykkjeungar må til og med løftast vekk frå kaikanten når Grip-båten skal legge til.

Grip kai - måsar på kaia

Dei som kjem til Grip får ein venleg velkomst, av både menneske og måsar.

Foto: Terje Reite / NRK

Privat kraftverk

Det er selskapet Grip Kraft som forsyner øya med elektrisitet. Selskapet er eigd av dei som har eigedom på øya. Fram til i dag har det ikkje vore aktuelt med straumkabel frå fastlandet. Dermed blir tusenvis av liter diesel gjort om til elektrisk kraft.

Fuglelivet på øya er verna. Det gjer vindmøller lite aktuelt. Og gjennom ein reguleringsplan er det tette trehusmiljøet verna. Dermed kan ikkje solcellepanel setjast opp kvar som helst.

– Vi er på veg inn i det grøne skiftet. Og då er vi mange som lurer på korleis framtida blir. Vi må få til ei løysing som kan vare inn i dei neste tiåra, seier Thomassen.

Diesel kraftverk på Grip

Dette er det privateigde kraftverket på Grip. Det består av to store dieselmotorar.

Foto: Terje Reite / NRK

Ser til Lofoten og turisthytter

Langs heile kysten finst det øyar og andre småsamfunn som ikkje er knytt til det store, felles straumnettet. Mange klarer seg med små aggregat, solcellepanel og vindmøller. Men områda har ulike utfordringar og krev dermed ulike løysingar.

Øya Myken, med 12 fastbuande og eit whisky-brenneri var lenge aktuell for ei hydrogenbasert løysing. No er øya i ferd med å få straumkabel frå land.

Det statlege selskapet ENOVA arbeider no med ei rekkje prosjekt for å skaffe miljøvenleg straum til øyar, turisthytter og telefoni-stasjonar som ikkje har fast straumforsyning.

Les også 12 fastboende får ny strømkabel til 40 millioner kroner

Myken i Rødøy kommune på Helgeland.

– Fiskeflåten treng ladestasjonar

Og no ser det ut som om øya Grip kan kome eit steg nærare fast og miljøvenleg energiforsyning. Ei gruppe med gripværing Ole Tønder i spissen meiner dei kan etablere eit realistisk alternativ.

Ole Tønder

Ole Tønder er gripværing og har no teke initiativ til fast straumforsyning til øya.

Foto: Terje Reite / NRK

– Mykje har skjedd berre dei siste vekene. Vi er i kontakt med fiskarorganisasjonar, nettselskap og kommunen. Det blir mykje møteaktivitet rundt dette i vekene som kjem, seier Tønder.

Tønder legg vekt på at det ikkje berre er lokalsamfunnet på Grip som treng fast straum for sin eigen del. Rundt Grip er det gode fiskefelt, og i åra som kjem vil både kystfiskeflåten og fritidsbåtar ha behov for ladestasjonar.

Hans Christian Heggemsnes i nettselskapet Mellom stadfester at det er kontakt mellom nettselskapet og initiativtakarane. Han har sjølv skrive ei avhandling om fast straumforsyning til Grip.

Grip stavkirke

Grip stavkirke er frå 1400-talet og er verna av Riksantikvaren.

Foto: Terje Reite / NRK

– Tilbake til oldefar?

Ved naustveggen sit Ole Thomas «Bollis» Thomassen og tenkjer på framtida til øysamfunnet Grip.

– Vi må ta vare på Grip gjennom at folk skal kunne bruke Grip. Då må vi ha straum, og vi må kunne tenkje stort. Vi som har hus her vil jo ha straum. Og kva med kystflåten og oppdrettsnæringa? Her er det nye perspektiv. Og om vi ikkje får straum hit så får vi gå tilbake til slik oldefar dreiv på her ute på øya. Slik er det, avsluttar Thomassen før han skal ta båten den dryge halvtimen inn mot Kristiansund.