Hopp til innhold

Straumprisen stuper: – Skulle venta med klesvasken til søndag

Det er venta uvanleg låge straumprisar over heile landet søndag. Ikkje sidan juli har det kosta mindre å sette på ein klesvask.

Lise Marie Schei

Det blir mykje klesvask i eit kollektiv med tre unge kvinner. Laurdagsvasken hadde truleg blitt utsett til søndag, om dei hadde vore klar over prisfallet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Med vått hår kjem Lise Marie Schei (21) i Ålesund ut av dusjen. Ho har vore på joggetur og måtte vaske seg frå topp til tå. Hadde ho venta med turen til søndag, hadde dusjen blitt billigare.

Nord Pool sine tal for morgondagen viser at straumprisane fell betrakteleg søndag. Det skjer over heile landet.

– Det er veldig praktisk for oss, så slepp vi at det blir så dyrt. Enkelte dagar har vi planlagt når vi kan sette på oppvaskmaskina, seier Lise Marie Schei.

– Vi skulle vel venta med klesvasken til i morgon, seier Sofie Helen Landøy Bordvik.

Dei to er studentar ved NTNU i Ålesund, og bur i kollektiv med ei tredje kvinne.

Alle tre er opptekne av straumprisen, og er glade for at det er billigare søndag enn på lenge.

I sør må ein ifølgje E24 heilt tilbake til juni for å finne lågare prisar enn morgondagen.

Dette skjer i ein periode der straumen har blitt så dyr at regjeringa innfører straumstøtte. Kommunar vil senke temperaturen til 19 grader innandørs og ekspertar trur straumprisen kan kome opp i seks kroner.

Lise Marie Schei og Sofie Helen Landøy Bordvik

Studentane Lise Maria Schei og Sofie Helen Landøy prøvar å følgje på straumprisen og planlegge husarbeidet deretter. Men det klaffar ikkje alltid.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Her er straumprisen der du bur

Her ser du nøyaktig kor billig straumen blir i ditt område søndag:

  • Meir enn halvering: I Søraust-, Sørvest- og Vest-Noreg blir snittprisen 1,14 kroner per kWh søndag. Dette er under halvparten av snittprisen laurdag. Då var maksprisen oppe i 3,62 kroner
  • Nokre øre å spare: Innbyggjarane i Midt-Noreg får ein snittpris på 28,5 øre per kWh søndag. Dette er 4,2 øre mindre enn laurdag.
  • Nokre øre også i Nord: Nord-Norge får ein snittpris på 20,9 øre per kWh søndag, 6,1 øre lågare enn laurdag.

Vindturbinar på full gass + helg

Arndt von Schemde, som er partnar i rådgjevingsselskapet Therma forklarer det brå prisfallet med hovudsakleg to faktorar:

  • Overskot av straum frå fornybare energikjelder
  • Helg og lågare straumbruk i landet

– Då får ein eit overskot av straum med mykje fornybart og låg etterspurnad. Så får ein kortvarig periode med låge straumprisar, forklarer han.

Arndt von Schemde seier at prisane vil variere ein god del gjennom døgnet, sjølv om snittprisen er lågare enn på lenge. Og allereie etter helga trur han at prisane går i vêret igjen.

Håper på likare pris i heile landet

Kvinnekollektivet i Ålesund synest det er bra med låge straumprisar søndag, men er fullt klar over at straumprisane har variert svært mykje frå landsdel til landsdel.

To av kvinnene er frå Bømlo og ei frå Øygarden i Hordaland. Der har straumprisen vore langt høgare enn i Midt-Noreg der dei no bur. Det var eit tema då dei var heime på ferie i sommar.

– Eg håper det blir billigare også der. Det har vore over 200 prosent dyrare på Bømlo enn her, det er heilt ekstremt med slike forskjellar. Det er den store snakkisen heime, du må planlegge skikkeleg når du skal gjere ting, seier Lise Marie Schei.

Men iallefall søndag er prisane på Bømlo - og resten av landet i snitt lågare enn på lenge.

Lise Marie Schei og Sofie Helen Landøy Bordvik

Lise Marie Schei og Sofie Helen Landøy føler med innbyggjarane lenger sør i landet. Den siste tida har prisane vore mykje høgare enn i Midt-Noreg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL