Ivar Aasen-tunet blei opna i 1898 som eit museum over Aasens liv og verk, og blei i 2000 endra til det moderne Ivar Aasen-tunet.
For fem år sidan byrja direktør Ottar Grepstad å kartlegge språkmuseum verda rundt. Han har funne 58 museum, men ingen eldre enn Aasen-tunet.
Dei neste musea på lista er Gutenberg-museet i Mainz som vart etablert i 1900 og eit museum for ordboksforfattaren Samuel Johnson i London som blei opna for publikum i 1914.
Framsynte
– Det er først og fremst moro at vi er eldst. Dei som etablerte museet i 1898 var framtenkte. Det er all grunn til å takke for, seier Grepstad
Grepstad har samla dokumentasjonen i e-boka «A world of languages and written culture». Skriftet blir også publisert av fleire museum i andre land.
– Vi ville vite kva kollega vi hadde rundt om vi verda, men ante ikkje at vi ville finne heile 58 språkmuseum, fortel Ottar Grepstad.
- Les også:
Stolt over å vere eldst
Dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet er stolt av å ha ansvaret for det eldste språkmuseet i verda.
– Vi visste at Ivar Aasen var før si tid, og at dette er det eldste personmuseet i Noreg og det einaste språkmuseet i Norden. Vi blei overraska då det viste seg at vi også er eldst i verda, seier Øvereng.
- Les også:
- Les også:
Dannar globalt museumsnettverk
Grepstad har hatt kontakt med mange språkmuseum i arbeidet med dokumentasjonen. Også alle diplomatiske stasjonar i Noreg fekk spørsmål om saka, og det førte til at lista kunne utvidast.
I den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM finst ein seksjon for litterære museum, men ikkje for språkmuseum. Seinare i vinter inviterer Nynorsk kultursentrum alle språkmusea til å bli med i eit globalt nettverk.
– I første omgang etablerer vi kontakt via e-post, og så vonar vi at det blir mogleg å få til ei samling når museum frå heile verda møtest til verdskongress i Milano sommaren 2016. Fleire har alt meldt interesse, seier Grepstad.