Hopp til innhold

Månadens bygg i november:

I Hovdebygda i Ørsta ligg ei av dei flottaste perlene i norsk arkitektur.
Noregs mest internasjonalt kjende arkitekt Sverre Fehn har teikna Månadens bygg i november – Ivar Aasentunet.

Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet ligg praktfullt til i åssida.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Sverre Fehn

Sverre Fehn inspirerte mange norske arkitektar.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Sjøl om han brukte det meste av sin yrkeskarriere – nesten 25 år – som professor ved Arkitekthøgskulen, så har Sverre Fehn sett merke etter seg som arkitekt ute i den store verda med byggverka sine.

Hedemarksmuseet på Domkirkeodden i Hamar, Aukrustsenteret, Bremuseet i Fjærland, Den nordiske paviljongen ved Biennalen i Venezia er nokre av verka som har gjort han til ein av dei store norske arkitektane gjennom tidene.

Hovedverk

Kunstverket Sverre Fehn skapa i Hovdebygda med Ivar Aasen-tunet er blitt eit hovedverk i norsk arkitektur. Kulturminister Åse Kleveland ga æresoppdraget med å teikne eit nytt senter for nynorsk språk og kultur til Sverre Fehn i Aasen-året 1996. Bygget blei fullførd og teken i bruk i 2000.

Video Månadens bygg i Møre og Romsdal: Ivar Aasentunet

Månadens bygg i Møre og Romsdal: Ivar Aasen-tunet

Det lange moderne betongbygget med store skrånande glassflater ut mot dalen ligg skåre inn i åssida med det gamle stabburet som næraste nabo. Terrenget bak er trukket inn over den kvelvande bakveggen. Ivar Aasen sin eigen signatur pryder betongveggen på det store auditoriet.

Opne bøker

Opne boksider i Ivar Aasen-tunet

Utstillingsveggane står som opne bøker.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Inne i utstillingslokala er det opne rom med utsikt utover dalen og meir innestengde rom, der ein kan konsentrere seg om utstillinga og tekstane.

Fleire av utstillingsveggane er som opne boksider. Samstundes som veggelementa fungere som ein del av konstruksjonen og stive av bygget, så gir dei desse flotte romformene som er veldig eigna til formidlinga av Ivar Aasen skrift og kultur.

Kafeen i Ivar Aasen-tunet

Kafeen i Ivar Aasen-tunet

Foto: Gunnar Sandvik/NRK
Flottast i Møre og Romsdal

Jens Peter Ringstad i Møre og Romsdal Arkitektforening er full av ros om bygget som meisterarkitekten har laga for å huse Ivar Aasen sitt minne.

- Sjøl om det er vanskeleg å rangere bygningar, så trur eg ikkja mange blir fornærma om eg seier Ivar Aasen-tunet er det beste stykke arkitektur vi har i Møre og Romsdal, seier Ringstad.

Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen sin signatur prydar betongveggen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK