Nynorskfesten blir tidlegare neste år

Arrangørane av Dei nynorske festspela vil unngå at ferien hindrar publikum i å møte opp på festspela. Neste år flyttar dei tidspunktet for arrangementet.

Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre

Ivar-Aasen-tunet er kvart einaste år hovudarena for Dei nynorske festspela. Praktbygget er signert den kjende arkitekten Sverre Fehn.

Foto: Gaute Øvereng / Nynorsk kultursentrum

Siste helga av juni har i 17 år vore den faste helga for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda.

Men frå neste år blir årets store hending for det meste som har med nynorsk å gjere, flytta til andre helga i juni.

Gaute Øvereng

Gaute Øvereng er dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet.

Foto: Ivar Aasen-tunet

– Slutten av juni er ferietid for mange, og at vi har festspel på den tida, har gitt utfordringar overfor både utøvarar, frivillige, lokale samarbeidspartnarar og for publikum, seier Gaute Øvereng, dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet, der mykje av festspela går føre seg.

Fleire fordelar

Øvereng seier flytting av tidspunkt også gir større handlingsrom for arrangøren, og har fleire andre fordelar.

– Andre helga i juni er skulane framleis i sving, og vi kan bruke utescenen vår, som jo er ei av hovudscenene i tunet.

Valkyrien allstars på Dei nynorske festspela

Valkyrien Allstars er mellom artistane som har sått på utescenen under Dei nynorske festspela.

Foto: Nynorsk kultursentrum

Eit enno tidlegare tidspunkt for festspela er ikkje aktuelt, fordi arrangøren gjerne vil ha sommarvarme under utearrangementa.

25 år med festspel

Når årets festspel startar, er det 25 år sidan den aller første feiringa av nynorsk skriftkultur gjekk av stabelen i Ørsta og Volda.

Ideen til ei årleg feiring kom frå språkforskar Arne Apelseth.

Stein Torleif Bjella på Pstereofestivalen

Stein Torleif Bjella er nynorskbrukar og songar som skal stå på scenen under Dei nynorske festspela.

Foto: Hans H. Bjørstad

I dag har Dei nynorske festspela vakse seg store i den norske festivalfloraen. Kvart år er om lag 6000 innom dei mange postane på programmet.

– Vi legg ikkje opp til noko ekstra feiring av 25-årsdagen, men at vi rundar 25 år stiller jo ekstra krav til kvaliteten i det vi skal levere i år. Det har vi hatt i tankane under planlegginga av årets arrangement og vi har sydd saman eit svært godt program, seier Gaute Øvereng.

Mangt og mykje

Tabu er årets tema og programansvarleg Monika Haanes Waagan seier dei vågar seg inn på dei hemmelege, forbodne og heilage områda i samfunnet.

Ifølgje programmet får publikum møte forfattarar og artistar som har sett ord på det useielege, og som utforskar og utfordrar tabugrensene.

Og arrangøren byr på mangt og mykje den siste helga i juni.

Lars Mæhle

Lars Mæhle frå Sunndal og Oslo er årets festspeldiktar. Han har ein stor bokproduksjon bak seg.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Den ikkje ukjente Stein Torleif Bjella er med og sparkar festspela i gang med konsert frå uteamfiet i Aasen-tunet torsdag kveld. Laurdag står Daniel Kvammen for utekonsert, medan jazztubaist Daniel Herskedal frå Molde og mannskap, avsluttar det heile søndag.

Lokal er også årets festspeldiktar Lars Mæhle frå Sunndalsøra, som har gitt ut rundt 30 bøker.

Litterære møte blir det også med Maria Parr, Aina Basso, Marit Kaldhol, Anders Totland og Jørgen Nordheim. Linda Eide og Sjur Hjeltnes er også på plass med språkmoro.

– Kva med salet av billettar til årets arrangement?

– Førehandssalet går heilt greitt, men som alltid ventar nok dei fleste med å kjøpe til det heile startar, seier Gaute Øvereng.