Grendelaget i den vesle bygda Sangvik i Surnadal på Nordmøre ynskjer å legge kunstgras på fotballøkka for å få mindre vedlikehaldsarbeid, men biskopen har sagt nei til planane. Han meiner at ei kunstgrasbane med lysmaster like ved Stangvik kirke, er eit framandt element og vil vere skjemmande.
I dag handsama hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal saka og ordførar Lilly Gunn Nyheim fulgte med på møtet. Hovudutvalet gjekk samrøystes inn for at grendelaget skal få legge kunstgras.
– Eg har vore forkjempar for initiativet frå grendelaget og at dei skal få utvikle staden, seier Nyheim.
Kyrkja er freda
Kyrkjestaden frå mellomalderen er freda, det same er kyrkja frå 1897. Biskopen meiner at ei kunstgrasbane med lysmaster er eit framandt element i det historiske området og vil vere skjemande. Biskopen har ansvar for å vurdere estetiske forhold rundt kyrkja. Dei byggjer uttalen sin på Fylkeskonservatorens vurderingar.
Lysmaster må vente
Hovudutvalet tok ikkje stilling til om det skal giast løyve til å bygge lysmaster i dag.
– Vi ynskjer eit samarbeid med kyrkja om lysmaster. Eg håper at vi kan få til lyspunkt som også gir lys til parkeringsplassen ved kyrkja. Då slår vi to fluger i ein smekk, seier Nyheim.
Det må gjerast arkeologisk utgraving på staden før grendelaget får sette i gong arbeidet med fjerning av masse og legging av kunstgras.