Hopp til innhold

Terrorangrep i USA gav super-oppdrag til norsk musikar

Podkast-lyttarar over heile verda har i haust lytta til den amerikanske storserien 9/12. Deler av musikken blei spelt inn i ein garderobe i Molde.

Daniel Herskedal

Daniel Herskedal seier han har nytt kvart sekund av prosessen. No håper han på fleire oppdrag i USA.

Foto: Roar Strøm / NRK

Terrorangrepet i New York 11. september 2001 sette ein støkk i folk over heile verda. Musikaren Daniel Herskedal var heime i Molde og ante lite den gangen om at terrorangrepet 20 år seinare skulle gi han eit prestisjeoppdrag som tubaist. 19-åringen var i sin spede start på karrieren.

I haust har han lagd og spelt inn musikken til den amerikanske storserien 9/12, som er laga av Amazon.

– Dei kunne spurt kven som helst i USA eller frå resten av verda. Men så er det mi personlege, musikalske stemme dei har hatt lyst å ha med, seier Herskedal stolt.

Han blir rekna for å vere ein av landets største jazzmusikarar, og gav nyleg ut plate med samiske Marja Mortensson og Kringkastingsorkestret, Kork.

Marja Mortensson sammen med Daniel Herskedal (t.v) og Jakop Janssøn (t.h) etter utdelingen av Spellemannprisen 2018.

Frå utdelinga av Spelemannsprisen i 2018. Frå venstre Daniel Herskedal, Marja Mortensson og Jakop Janssøn.

Foto: ROBIN BOEE / ROBIN BOEE

Spelt inn i garderobe 8

Den ettertrakta musikaren har brukt deler av hausten i heimbyen Molde for å levere musikk til teaterstykket Gift. Men i garderobe nummer 8 har sminkesaker, parykkar og kostyme vore bytta ut med eit stort blåseinstrument, notehefte og opptaksutstyr. I ledige stunder har han spelt inn musikk til den amerikanske podkast-serien.

– Siste hand på verket blei lagt her i garderoben, ja, ler Herskedal.

Med på innspelinga er også norske Jakop Janssønn og Espen Berg.

Daniel Herskedal

Daniel Herskedal er glad for at det var nettopp han som blei spurt om å levere musikken til podkasten 9/12. Han trur det kan bety mykje.

Foto: Roar Strøm / NRK

Norsk tuba bak det heile

Musikkredaktøren og tidlegare NRK-journalist Guttorm Andreasen er imponert over at ein mann på tuba har fått innpass i den amerikanske musikkbransjen.

– Eg vil tru at dette oppdraget gir han mange kontaktar og sjanse til spennande kommersielle oppdrag i podkast-, spel- og filmbransjen. Det er heilt ko-ko-beinhard jobbing å slå gjennom i ein monstermarknad i USA, men han har fått ein veg inn som få andre har fått til, seier Andreasen.

I podkast-serien frå Amazon får ein møte sju enkeltpersonar som fortel kva som skjedde etter at tvillingtårna i New York blei smadra av terroristar. Allereie frå første sekund i episode nummer 1 høyrest tonane frå ein norsk teater-garderobe.

Portrett av journalist og musikknerd Guttorm Andreasen

Musikknerd og tidlegare NRK-journalist Guttorm Andreasen seier det er beinhard jobbing å slå gjennom i USA.

Foto: Morten Berentsen / Morten Berentsen

Frå Coca-Cola til terror

Daniel Herskedal har forsynt amerikanarane med tubaspel også før. I 2020 leverte han musikk til Coca-Cola sin reklamekampanje. Året før sto han for filmmusikken til «The Last Black Man in San Francisco». Sjølv trur han det var dette som var vinnarloddet for han.

No håper at på fleire oppdrag i den amerikanske filmbransjen.

– Eg kunne gjort dette resten av livet. Det har vore veldig tidkrevjande, men eg har nytt kvart sekund av prosessen.

Daniel Herskedal

Daniel Herskedal er kjent som ein av dei mest anerkjende jazzmusikarane i Noreg.

Foto: Knut-Sverre Horn

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL