HÅPAR: Ørjan Håskjold Nyland håpar Molde kan kome til cupfinalen også i år.
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK– Det er den største enkeltkampen som ein kan vere med på i Noreg, så det betyr sjølvsagt mykje, seier Moldekeeper Ørjan Håskjold Nyland.
Smilet er på plass – og kanskje med god grunn. For Molde-keeperen kan kome til å kjempe om cupgullet for tredje året på rad. Dei to siste cupfinalane har han tatt gull med Hødd og Molde.
- Les også:
Let seg freiste
FREISTE: Espen Harstad, nestleiar i Tornekrattet seier mange allereie har latt seg freiste til å bestille hotellrom.
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRKI går kom Molde eit steg nærare cupfinalen då dei vann 5–1 over Viking, og forventningane er høge til Moldegull både i cup og serien. Mange har allereie tatt ein telefon til Oslo.
– Det er i alle fall om lag hundre som har bestilt hotellrom frå fredag til søndag den helga, seier Espen Harstad, nestleiar i Tornekrattet.
Dette har dei gjort lenge før det er klart om laget går til finalen. Også på MFK-kontoret er folk i godt humør.
– Eg trur alle hugsar fjoråret var det eit bra trykk og heile byen koka, seier Oddvar Talset, marknadsdirektør i Molde FK.
Han har merka at supporterane let seg freiste.
– I fjor ynskja heile byen seg til Ullevål, det er noko alle vil vere ein del av og det tykkjer vi er kjekt, held han fram.
- Les også:
- Les også:
Imponert
IMPONERT: Tor Ole Skullerud var imponert over spelarane under gårsdagens kamp.
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRKMolde-trenaren er imponert over det mannskapet gjorde mot Viking i går.
– I andre omgangen tykkjer eg vi spelte det beste vi har gjort sidan vi starta, seier ein klart nøgd MFK-trenar Tor Ole Skullerud.
– Det var rett og slett fantastisk å sitte og sjå på spelarane i går, eg var stolt, held han fram.
– Er det for tidleg å snakke om Ullevål?
– Ja det er det. Vi må vinne ei semifinale før vi kan byrje å snakke om det.
Trenaren innrømmer likevel at cupfinalen er ei målsetjing.
– Det er ein av dei tinga vi jobbar mot, det er eit klart mål, så vi har tenkt å kome dit, seier Skullerud.
I Molde ser alle fram mot ein spennande haust. Og kanskje blir det cupfinale også denne gongen?
– Vi har vore med på dette før, så vi veit kor gøy det er å vinne. Det er klart det gir meirsmak, seier Ørjan Håskjold Nyland.