Hopp til innhold

Her er Moldesupportarane på veg for å vinne semifinalen

Supporterane dreg i timevis med buss for å heie fram Molde.

Molde FK

Moldesupportarane på veg til Lillestrøm

Moldesupportarar

Det er høg stemning før avreise.

Foto: Hans-Thomas Eikrem / NRK

Med fotballdrakter, skjerf og flagg er Moldesupportarane no på veg til Lillestrøm for å sjå på semifinale i cupen. Stemninga om bord er høg og supporterane har tru på at dei skal få oppleve cupfinale på Ullevaal i november mot Rosenborg. Iselin Bjerkeli Krohn gler seg til kampen i kveld og synest det er verdt å sitje i ein buss i timevis fram og tilbake.

– Dersom Molde vinn er det utruleg artig å vere der og oppleve det, seier Iselin Bjerkeli Krohn.

Ho er sikker på at Molde kjem til å dra i land sigeren, fordi dei har gjort det så bra dei siste kampane. Blant anna då dei grusa Sandnes Ulf sist helg.

Gratis buss

Iselin Bjerkeli Krohn

Iselin Bjerkeli Krohn gler seg til kampen i kveld.

Foto: Hans-Thomas Eikrem / NRK

Billettansvarleg Lars Outzen seier at det vert ein lang tur for dei vel 60 supporterane som dreg med buss til Lillestrøm, men han trur returen vert kjekk.

– Med siger vert ikkje turen heim så tung, seier han optimistisk.

Bussen køyrer heim i natt og parkerer i Molde rundt halv sju fredag morgon. Det er Molde fotballklubb som har sett opp bussane og supporterane betalar ikkje ei krone.

– Dette er ei investering vi gjer for at Molde skal kome til cupfinale. Det er god butikk, seier Outzen.

Han trur at det vert rundt 1000 Moldesupportarar i kveld som skal heie fram Solskjærs menn.