NRK Meny
Normal

Vil oppleve ein ny cupfinale

I morgon møter Viking Molde på bortebane i kvartfinalen i cupen. Det vekker minner for Viking-trenar Kjell Jonevret, som i 1989 var med på å vinne cupen for Viking i finalen mot nettopp Molde.

I morgon møter Viking Molde på bortebane i kvartfinalen i Cupen. Det vekker minner for vikingtrener Kjell Jonevret som i 1989 var med på å vinne cupen for Viking i finalen mot nettopp Molde.

Kjell Jonevret var med som spelar for Viking, då dei slo Molde i cupfinalen i 1989. I morgon vil han gjenta suksessen i kvartfinalen.

– Det har gått nokre år no utan stor framgang i verken serien eller i cupen, så det er klart at det vil bety svært mykje om me kjem oss vidare i cupen, seier Viking-trenar Kjell Jonevret.

Kvartfinalen mellom Viking og Molde er berre ein dag unna. I 1989 var det derimot Viking-trenaren sjølv som stod på grasmatta som Viking-spelar, og fekk kjenne gleda av å vinne Cupen.

– Eg hugsar den lange køen utanfor det gamle Vikinghuset, for alle skulle ha billettar. Og galskapen i byen etter at me vann semifinalen, det var heilt nytt for meg den gong, seier Jonevret.

Artikkelen held fram under bilete

Viking i cupen i 1989

Slik såg det ut då Viking vann cupfinalen mot Molde i 1989.

Foto: NRK

– Ingen favoritt

25 år seinare møter Viking Molde, som er det same laget Viking-trenaren møtte i cupfinalen. Den gong blei det Viking-seier, no er Molde favoritt.

– Det er vel ingen som trur Viking skal kunne slå Molde i Molde. Men eg lovar at me skal gjera alt me kan for å stikke kjeppar i hjula på dei, og eg håpar at me reiser opp dit med senka skuldrer og at me spelar ein god kamp, seier Jonevret.

Håpet er sjølvsagt at laget tek seg heile vegen til finalen.

– Eg får litt gåsehud når eg tenkar på det. Det hadde vore kjekt å få oppleve det igjen, avsluttar han.