Hopp til innhold

Leia si første AaFK-trening: – Vi har ikkje tid til å vere på 90 prosent

I dag hadde Christian Johnsen si første trening som ny AaFK-trenar. Ekspertane trur han kan vere rett mann til å snu skuta for eliteserielaget.

Christian Johnsen er Aalesunds Fotballklubb sin nye trener.

FØRSTE TRENING: Måndag hadde Christian Johnsen si første trening med spelarane i AaFK. Den hadde laget i Sykkylven på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sisteplass på tabellen og berre fire poeng på 11 kampar. Det er utgangspunktet Christian Johnsen har å jobbe med.

I dag hadde han si første trening som ny hovudtrenar for Aalesunds Fotballklubb. Kvalitet, kvalitet, kvalitet, var blant orda som blei ropt utover treningsmatta.

– Vi må vere påskrudd på alle treningane. Vi har ikkje tid til å vere på 90 prosent. Vi må ha den høgaste kvaliteten når vi jobbar, seier han.

Aalesunds Fotballklubb si første trening med Christian Johnsen som ny hovudtrenar.

Christian Johnsen har klare mål om at AaFK skal trene meir og hardare.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Første møte

Den dårlege starten på sesongen resulterte i at den førre trenaren, Lars Arne Nilsen, fekk sparken 4. mai.

No er det Johnsen som får den krevjande oppgåva med å berge eliteserieplassen til AaFK.

Ny AaFK-trenar Christian Johnsen og AaFK-kaptein kaptein David Fällman.

AaFK-kaptein David Fällman har tru på den nye trenaren og planane hans for laget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

46-åringen har tidlegare uttalt at han kjem til å stille strenge krav til spelarane når det gjeld trening og kosthald. I dag fekk spelaren det første inntrykket av korleis den nye trenaren vil styrke skuta.

– Eg er mest opptatt av å lære og kjenne personen, og så får vi sjå kva han kjem med, seier AaFK-spelar, Kristoffer Barmen.

– Han verker svolten og ivrig på å få oss litt meir i gang, både som lag og individ, seier kaptein David Fällman.

– Treng de det?

– Ja, både når det gjeld det fysiske og intensitet. Har ikkje vi det så får ikkje vi fram kvalitetane våre heller. Vi jobbar ikkje hardt nok under ein 90-minutts kamp. Gjer vi det og får meir kvalitet på spelet, så kan det gjere ein stor forskjell.

Johnsen har tidlegare trent Raufoss frå 2017 til 2022. Sidan har han stått utan trenarjobb.

– Det var kjekt å kome i gang. No er det ei stund sidan eg sjølv har vore på feltet, så eg trengde denne økta. Og så blir eg nok endå meir skarp i morgon. Då byrjar vi å jobbe endå litt tøffare.

Christian Johnsen er Aalesunds Fotballklubb sin nye trener.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ein vinnarskalle

Knut Befring har jobba mange år som sportsjournalist i Oppland Arbeiderblad. Han kjenner godt til Johnsen frå hans tid i Raufoss, der han greidde å få klubben opp i Obosligaen. Han trur AaFK har gjort eit svært bra val.

– Christian er god til å utvikle spelarar. Han speler offensiv og underhaldande fotball med 4-3-3. Han har gjort imponerande ting for Raufoss, så med større ressursar så trur eg det blir veldig bra.

Befring trur han har gode sjansar til å lykkast i Ålesund.

– Det er fint å sjå at ein eliteserieklubb tørr å satse på folk som kanskje ikkje har det mest kjente namnet, eller lang erfaring frå eliteserien. Men det er vanskeleg å finne ein så svolten og dedikert mann som han. Han er ein vinnarskalle som hatar å tape, seier Befring.

Kristian Stenerud, sportsleiar i Sunnmørsposten følger AaFK tett. Han trur den største utfordringa til Johnsen blir å snu eit lag som berre har vunne ein av elleve kampar i år.

Sportsleiar i Sunnmørsposten, Kristian Stenerud

Kristian Stenerud, sportsleiar i Sunnmørsposten, trur Christian Johnsen har moglegheita til å bygge opp eit nytt AaFK-lag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg trur det er viktig å få inn noko heilt nytt. I tillegg verkar han veldig bestemt på kva måte han vil ha det. Dei skal trene meir og hardare, og spelarane er også einige i at dei er for dårleg trent.

– Eg trur han innser at det er ein tøff jobb, samtidig som det er moglegheiter. Det er ikkje så lang opp til dei neste på tabellen, held han fram.

Møter Rosenborg i elddåpen

Om Aalesunds Fotballklubb greier å snu den negative trenden ser vi først om nokre veker. 2. juli leier Johnsen sin første kamp som AaFK-trenar, heime mot Rosenborg.

AaFK-kaptein David Fällman.

AaFK-kaptein David Fällman trur framleis at dei kan kjempe seg oppover tabellen i Eliteserien.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er mange gode spelarar her med mykje erfaring, men vi må tørre å vere offensive. Vi skal også jobbe med å finne ro i spelet, slik at vi er skarpe når vi skal vere det og rolege når vi skal det.

Johnsen har framleis tru på at dei skal greie å snu sesongen.

– Det er 19 kampar igjen. Blir vi gode nok, og når vi blir gode nok, så kjem vi til å prestere også.

Heller ikkje kapteinen har gitt opp håpet.

– Vi ser store moglegheiter til å snu dette, seier Fällman.