NRK Meny
Normal

Cargolink vil ta over for CargoNet på Raumabanen

Transportselskapet CargoNet har varsla at dei kan kome til å legge ned godstrafikken på Raumabanen. No seier konkurrenten Cargolink at dei kan tenkje seg å ta over.

Raumabanen CargoLink

Dette biletet er frå den tida då Cargolink frakta gods på Raumabanen.

Foto: Leif Jonny Olestad

Cargolink AS er Noregs største private godstransportør på bane, og har trafikkert på Raumabanen tidlegare.

Dei la ned tilbodet på Raumabanen då Jernbaneverket endra på rutetildelingane. Den gongen vurderte selskapet også kostnadane ved godsterminalen på Åndalsnes som for høge. Den gongen utførte Cargolink transport på banen, medan CargoNet dreiv terminalen.

– Vi kan vere interesserte i å ta over ansvaret for godstrafikken på jernbanen mellom Åndalsnes og Oslo dersom det statlege CargoNet no gjev opp, seier Karl Ivar Nilsen, administrerande direktør i Cargolink.

I dag uttrykte ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, sterk frustrasjon over rammevilkåra som politikarane har lagt for godstrafikk på jernbanen.

– Eg er møkk lei politikarar som har festtalar og legg planar og liksom skal få meir trafikk på veg til bane. Så skjer det stikk motsette, sa han.

Karl Ivar Nilsen i Cargolink seier han godt kan forstå frustrasjonen i det politiske miljøet i Rauma.

– Vi forstår godt frustrasjonen hos ordførar Lars Olav Hustad, som fryktar at ei nedlegging av godstrafikken på denne jernbanestrekninga vil føre til ein radikal auke av trailertrafikken gjennom Romsdalen, seier Nilsen.

Cargolink står allereie klar til å ta over godstrafikken. Ei overtaking kan skje svært fort.

– Om CargoNet legg ned, vil vi umiddelbart gå i gang med å sjå om vi kan få på plass ein berekraftig forretningsmodell for å køyre godstog på Raumabanen, seier Karl Ivar Nilsen.

Nilsen viser til at Raumabanen fleire gonger har vore truga av nedlegging. Han meiner det er viktig å finne langsiktige og forpliktande løysingar, slik at kundane trygt kan planlegge ut frå at godstrafikken held fram over tid.

Han har legg imidlertid inn nokre føresetnader for at Cargolink kan ta over. Rutetildelinga må vere tilpassa marknaden, toga må utnyttast betre enn i dag, og terminalen på Åndalsnes må drivast meir kostnadseffektivt enn i dag.

Vi har dokumentert at vi driftar terminalar meir effektivt enn statsselskapet CargoNet. Dersom vi sjølve får overta drifta på terminalen på Åndalsnes, og får meir fornuftige ruter frå Jernbaneverket, har eg tru på at vi skal få dette til, seier Nilsen.