Hopp til innhold

Færre godstog frå Åndalsnes

CargoNet er ikkje nøgd med innteninga på godstrafikken. Frå 12. desember blir det derfor eitt mindre godstog kvar dag frå Åndalsnes. No fryktar mange for framtida til Raumabanen.

Godstog Raumabana
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Reduksjonen vil halde fram heilt til 1. juli neste år. Kva som skjer etter det er usikkert.

Dette uroar både godstransportørar og politikarar som i dag hadde møte for å diskutere problemet.

– Må kutte

Bjarne Ivar Wist

Direktør for strategi og samfunnskontakt i CargoNet, Bjarne Ivar Wist.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Direktør for strategi og samfunnskontakt i CargoNet, Bjarne Ivar Wist, seier han ikkje ser noko anna løysing enn å kutte i godstrafikken.

– I den situasjonen vi er, så må vi redusere kostnadene. Vi må bruke mindre personell og materiell enn det vi gjer i dag, seier Wist.

Ifølgje CargoNet blir godstog ståande for lenge å vente på last på stasjonen på Åndalsnes. For dårleg infrastruktur, for dårlig materiell og for dårlege vilkår gjer at CargoNet tener for lite pengar.

– Det er mange prosjekt på gang, men vi må få betre vilkår før dei er på plass, seier Wist.

Fryktar for arbeidsplassar

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Reduksjonen bekymrar politikarane, av fleire årsaker.

– Det vil bli mykje meir trafikk over på veg, og alle politikarar både regionalt, nasjonalt, lokalt seier dei vil ha meir over på bane.

– Vi er òg sjølvsagt opptekne av arbeidsplassar og vi er generelt bekymra for utviklinga generelt, med tanke på landet vårt, seier raumaordførar Lars Olav Hustad.

– Må ta problemet til Oslo

Harald T. Nesvik

Frp-politikar Harald T. Nesvik

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Frp-politikar Harald T. Nesvik meiner noko må gjerast med situasjonen.

– Vi som stortingspolitikarar må ta dette med oss til Oslo. Nettopp for å sjå kva konsekvensar dette kan få, og vil få, for næringslivet i området vårt, seier Nesvik.

Han er òg bekymra for at eit dårlegare tilbod kan føre til at det blir brukt andre måtar å frakte godset ut av regionen på.

Romsdalen er allereie overbelasta av tungtrafikk. No kan det bli enda meir, og samtidig gjere framtida for Raumabana enda meir usikker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL