Hopp til innhold

Bygger historisk bronsealderhus i Sykkylven

For første gong på 3000 år skal eit bronsealderhus byggast på Auremarka, midt i sentrum av Sykkylven. Det skjer 25 år etter at utgravingar avdekte spor etter store og samanhengande busettingar i området gjennom fleire tusen år.

Bronsealderhus i Sykkylven

Arbeidet med bygginga av bronsealderhuset i Sykkylven er i gang for fullt. Her er tømrarane Tor Lennart Angell Vikstad og Ole Erling Asbjørnsen i aksjon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kjetil Tandstad, styremedlem i Aura-Påls vener
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I Sykkylven kan det i løpet av sommaren kome opp eit hus heilt utanom det vanlege.

Kulturforeininga Aura-Påls vener vil bygge opp att eit bronsealderhus på dugnad. Det er første gong på 3000 år at bygda får eit slikt hus.

– Det er godt å vite at vi har ei historie. Og ei tre tusen år gammal historie er jo ganske spesielt, seier Kjetil Tandstad, styremedlem i Aura-Påls vener.

Spesielt prosjekt

Tor Lennart Angell Vikstad, tømrar og leiar i Aura-Påls vener

Tor Lennart Angell Vikstad er glad for å vere ein del av prosjektet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ved fjorden på Tynes er ivrige snikkarar i gang med å lage grinda til huset på seks gonger no meter. Dei synest det er ei stor utfordring å lage eit bronsealderhus.

– Ja eg måtte hive meg med på dette prosjektet. Det er ikkje kvar dag ein får lov til å halde på med noko som dette. Det var litt derfor eg var interessert, ikkje berre på grunn av historia, seier Tor Lennart Angell Vikstad, tømrar og leiar i Aura-Påls vener.

Draumen til entusiastane i Sykkylven er at dei også skal klare å gjenskape den stor gildehallen som stod der før vikingtida.

Ingen veit nøyaktig korleis huset frå bronsealderen såg ut, men ein har eit visst peikepinn på korleis det kan ha sett ut.

– Vi samarbeider med dei som veit mest mogleg om korleis det var før, så satsar vi på å kome nærast mogleg det som var, seier tømrar Ole Erling Asbjørnsen.

Bronsealderhus Sykkylven

Her skal bronsealderhuset i Sykkylven ligge.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Unikt område

Fylkeskonservatoren er ikkje i tvil om at Auremarka, med alle sine funn, er ein heilt spesiell stad.

Bjørn Ringstad, fylkeskonservator i Møre og Romsdal

Bjørn Ringstad, fylkeskonservator i Møre og Romsdal, er ikkje i tvil om at Auremarka er heilt spesiell.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er nok det mest viktige område vi har i Møre og Romsdal. Det har busettingar som spenner over ganske mange tusen år, noko som gjer det ganske unikt både i regional og nasjonal samanheng, seier Bjørn Ringstad, fylkeskonservator i Møre og Romsdal.

Håpet er at huset skal fremje turisme, vere ein stad for kunnskapsformidling for både barn og vaksne og at det kan bli eit attraktivt midtpunkt midt i sentrum av bygda på Aure.

– Det viktigaste for oss er sjølve vernet. Men greier ein å formidle kulturhistoria i tillegg, så er det absolutt eit pluss. Det både håpar og trur eg at dei greier, seier Ringstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL