NRK Meny
Normal

Sensasjonelle steinalderfunn i høgfjellet

Arkeologiske undersøkingar i sunnmørsfjella har avslørt sensasjonelle funn etter tidleg fangstkultur.

Arkeologiske undersøkingar i sunnmørsfjella, har avslørt sensasjonelle funn etter tidleg fangstkultur. Aldri før er det stadfesta spor etter busetting og fangst frå eldre steinalder så høgt til fjells. Kanskje må noregshistoria skrivast om.

Sjå tv-saka: Aldri før er det stadfesta spor etter busetting og fangst frå eldre steinalder så høgt til fjells. Kanskje må noregshistoria skrivast om.

Lokalhistorikar Astor Furseth

Lokalhistorikar Astor Furseth viser fram ein steinmurar som jegerane gøymde seg bak når dei jakta på dyr.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høgt oppe i Tafjordfjella på Sunnmøre, på rundt 1500 meter vart det oppdaga fleire bogesteller, skjul som steinaldermannen laga for å kome tett innpå reinsdyret han jakta på.

Aldri før er det stadfesta spor etter busetting og fangst frå eldre steinalder så høgt til fjells.

Lokalhistorikar Astor Furseth har gått tallause turar i slike aude fjellandskap som ved Tafjordfjella. Her finn han spor etter andre som har gått den same turen, for lenge lenge sidan.

– Denne har truleg stått slik i 6000 år, seier han engasjert og peikar på det han meiner er ein steinmurar som jegerane gøymde seg bak når dei jakta på dyr.

Unikt i nordisk samanheng

Det er no to år sidan funna i Tafjordfjella vakte så mykje oppsikt at riksantikvaren løyvde midlar til å dokumentere det som no kjem fram. På Norsk arkeologi sine nettsider kan du lese meir om bakgrunnen for undersøkingane og om kva dei fann.

 Morten Ramstad, arkeolog ved Universitet i Bergen

Over 50 bogesteller og arbeidsplassar er no registrert, fotografert og datert for første gang. Her viser Morten Ramstad fram ein egg frå eit våpen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Smeltande snøbrear avdekker ein jaktkultur som ingen tidlegare har visst om.

– Her ligg det ein egg på eit våpen som dei truleg mista for 6000 år sidan, seier Morten Ramstad, arkeolog ved Universitet i Bergen, medan han plukkar opp ein gjenstand han finn blant alle steinane.

Over 50 bogesteller og arbeidsplassar er no registrert, fotografert og datert for første gang.

– Det er heilt spesielt i nordisk samanheng, og eg meiner at dette er eit av dei mest oppsiktsvekkjande funna frå steinalderen i Norge som er gjort dei ti siste åra, seier Ramstad.

– Må skrive om historia

Det som for vanlege turgåarar er stein på stein, er for eit kjent auge eldgamle spor etter folk.

 Morten Ramstad, arkeolog ved Universitet i Bergen

Morten Ramstad, arkeolog ved Universitet i Bergen, meiner at dei nye funna gir eit nytt bilete på bruken av fjella.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi finn mykje reiskapar, eggar og andre ting som vart brukt til å kutte og slakte dyra dei jakta på, forklarar Ramstad og viser fram nokre av gjenstandane han har funnet så langt.

– Eg meiner at desse funna gir eit nytt bilete på bruken av fjella. Men det viser også kompleksiteten til dei samfunna som utvikla seg under steinalderen, held han fram.

Truleg finst det enno fleire spor arkeologane kan undersøke i fjella, men lokalhistorikaren meiner at funna som er gjort til no bør føre til at noregshistoria bli endra.

– Kysten har blitt grundig gjennomsøkt i ei årerekke, men både arkeologane og historikarane ser ut til å ha gløymd fjellheimen på Vestlandet. Desse nye funna avslører ein del av historia som vi ikkje var klar over, seier lokalhistorikar Astor Furseth.

Tafjordfjelle arkeologar

Høgt oppe i Tafjordfjella på Sunnmøre, på rundt 1500 meter vart det oppdaga fleire bogesteller, skjul som steinaldermannen laga for å kome tett innpå reinsdyret han jakta på.

Foto: Remi Sagen / NRK