NRK Meny
Normal

Butikken i ein kommune – verkstaden i ein annan!

Dei tilsette i ei bedrift på Nordmøre jobbar under same tak, trass i at den ligg i to forskjellige kommunar.

Odd Arne Nergård

Odd Arne Nergård peikar mot området der den nye inngangsdøra til forretninga skal ligge. Den blir midt på grensa mellom Surnadal og Rindal.

Foto: John J. Storholt

I Øvre Surnadal, like ved grensa mellom Rindal og Surnadal, ligg bedrifta Polaris Nordmøre, med tilhøyrande butikk og verkstad. Men då eigarane bestemte seg for å utvide lokala kom dei i ei lita knipe. Då måtte dei nemleg sjå over kommunegrensa.

– Ja, no vi har tatt eit skikkeleg jafs ut av Rindal, seier dagleg leiar Odd Arne Nergård lattermild.

Verkstad og butikk i kvar sin kommune

Bedrifta måtte derfor kjøpe eit område på den andre sida av grensa for å få plass til utvidinga.

Polaris Nordmøre

Polaris Nordmøre ligg like på grensa mellom Surnadal og Rindal.

Foto: John J. Storholt

– Først var det snakk om at vi måtte søke til begge kommunane. Men det slapp vi ettersom vi har bustadadresse i Surnadal, seier Nergård.

Dermed ligg bedrifta no i to ulike kommunar. Og inngangsdøra til dei nye lokala vil bli plassert midt på grensa mellom Surnadal og Rindal.

– Det har blitt mange morosame historier ut av dette. Kundane spøkar om at dei må gå den lange vegen frå verkstaden i Surnadal til butikken i Rindal. I verkelegheita er det snakk om eit par meter, seier den daglege leiaren.

– Har de to postadresser også?

– Nei, det har vi ikkje. Men vi skulle kanskje hatt det, seier Nergård og ler.

Polaris Nordmøre

Verkstaden vil ligge i Surnadal og butikken i Rindal når utvidinga er ferdig.

Foto: John J. Storholt

Håpar på kommunesamanslåing

Utbygginga har fått spesiell merksemd i lys av kommunereforma. Mange norske kommunar diskuterer no om dei skal slå seg saman med nabokommunen eller ikkje. Og kanskje blir heile bedrifta ein del av den same kommunen i framtida.

– Vi håpar at Rindal og Surnadal slår seg saman. Vi heng såpass tett saman frå før av, seier Nergård.

Han innrømmer at det også hadde vore ein fordel for dei dersom Rindal slo seg saman med Trøndelag.

– Ja, vi har eit lite håp om det. Vi får det meste av delar og varer frå Sverige. No må all post via Molde før den kjem hit. Vi vil få posten dagen etter og ikkje to dagar seinare dersom vi er ein del av Trøndelag, seier han med eit smil.

Laster kart, vennligst vent...

Surnadal og Rindal er nabokommunar på Nordmøre.