Paul Hellandsvik
Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Paul Hellandsvik, seier dei følgjer dei offentlege reglane for anbod, og Medi 3 har ikkje kome med i det anbodet som no blir avslutta.
Har vore størst
Medi 3 har vore det private sjukehuset som har jobba desidert mest for dei offentlege sjukehusa i Midt-Noreg. I fjor betalte Helse Midt-Noreg ut heile 48 millionar kroner til det private sjukehuset i Ålesund. No må dei klare seg utan desse inntektene.
Då avtalen med Medi 3 blei inngått var Helse Midt-Noreg heilt avhengig av hjelp frå privatsjukehuset som fekk ein avtale mange har sett på som svært lukrativ. Vi har hatt eit godt samarbeid med Medi 3, men no er ventelistesituasjonen dramatisk endra, seier Hellandsvik.
Tapte i ny anbodsrunde
Det har vore ein lang og kronglete anbodsrude for dei private sjukehusa. Helse Midt-Noreg ønskjer å behandle fleire pasientar sjølv, og difor har dei redusert talet på operasjonar som private sjukehus skal få lov til å utføre for dei.
I den første anbodsrunden ville Helse Midt-Noreg inngå ein avtale med Medi 3. Men Medi 3 klaga på vedtaket, og helseforetaket blei rådd til å køyre ein ny anbodsrunde. Den enda med at berre fire private sjukehus i Trøndelag skal få sugerør ned i milliardpungen til Helse Midt-Noreg.