Hopp til innhold

Brydde seg katten om holet i døra: Viktigare enn du trur

Slike hol finst i eit utal løedører i heile landet – og dei er der for ein grunn.

Hol i låvedør

Mads Langnes tok rotta på kunnskapsløysa og forska på kvifor desse hola er så viktige.

Foto: Oddveig Hønsvik

Mads Langnes, førstekonservator ved Romsdalsmuseet i Molde

I tillegg til å vere ein landbruksinteressert historikar er Mads Langnes førstekonservator ved Romsdalsmuseet i Molde.

Foto: Privat

Ein presis perfeksjonist hadde nok klødd i fingrane etter å skifte ut den eine, ujamne fjøla i løedøra. Men slitasje er det ikkje.

Mads Langnes har forska på kvifor bønder i lange tider har tatt seg bryet med å sage ut eit lite hol nedst på eine døra.

Uvanleg nok er det kanskje at han har doktorgrad i landbrukshistorie med ei autentisk interesse for byggeskikken på landsbygda – men endå sjeldnare er det at han no gir ut ein forskingsartikkel på hol i løedører.

Hol i bygningshistoria

Med den passande tittelen «Eit lite hol i bygningshistoria» vil Langnes gi folk eit lite inntrykk av dei historiske røtene i landbruket og kaste lys på at det meste bøndene har føre seg har ein grunn.

«Det måtte vere ei lita opning for katten, må vite».

På ti fullskrivne sider legg Langnes ut om blant anna kvifor bøndene ofra ein bit av løedøra for katten.

Sjølv skriv han i artikkelen: «Ein kan spørje seg om kvifor katten var så velkomen på dei gamle løene at ein og annan bonden til og med laga hol i løedøra».

Forklaringa er enkel, trur Langnes.

– No søv gjerne katten på polstra madrassar. Slik var det ikkje før. Det finst ikkje eit fasitsvar, men eg trur at katten og bonden hadde ein avtale. Viss katten heldt løa fri for mus fekk han legge seg varmt og lunt i høyet, seier landbrukshistorikaren.

Holet har altså nytteverdi – og er ikkje berre ei glipe for perfeksjonisten å tette. Den er viktigare enn ein trur, seier Langnes.

Hol i løedør
Foto: Mads Langnes

Moro med løedører

Langnes er sjølv bygdegut, og når ekstremvêret Dagmar reiv med seg løedøra på heimgarden i Romsdal var det klart at også den nye døra fekk eit hol.

– Far min saga automatisk ut eit nytt hol, det var sjølvsagt. Det sit djupt i ein gammal bonde.

«Før dørene vart hengsla på og løa atter vart lukka mellom køyrebru og løerom, vart det sjølvsagt saga ut eit lite hol nedst på eine døra. (...) Nett slik som på dei gamle løedørene».

Det var blant anna denne hendinga som trigga romsdalingen til å sjå nærare på løedører med opning for katten. Han fekk eit behov for å gjere eit landbrukshistorisk arbeid med ein humoristisk tvist.

– Eg blei tirra og nysgjerrig, og spekulerte på kvifor bøndene laga slike hol. Og ikkje minst, kvifor var katten velkommen?

Ikkje forska på før

Han oppretta ei Facebook-gruppe og bad folk om å sende han bilete av holete løedører. Bilete ramla inn. Men han er framleis på jakt etter fleire og også kva historia bak hola er.

Det er ikkje skrive eit einaste ord om desse kattehola tidlegare. No har han planane klare for å publisere teksten som sannsynleg vis er den einaste i sitt slag.

– Både historiefaget og landbruket har godt av litt humor. ​

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL