Hopp til innhold

Parkeringsplass-mangel gjorde at Kristian Georg (77) måtte feilparkere - blei bøtelagd

Kristian Georg Svensli (77) seier det er håplaust å finne parkeringsplass på sjukehuset i Molde.

Molde sjukehus (Svensli innfelt)

Det er avgrensa med parkeringsplassar på Molde Sjukehus, noko Kristian Georg Svensli fekk erfare.

Foto: Gunnar Sandvik/Helge Helgheim/montasje / NRK

Kristian Georg Svensli.

Pensjonisten Kristian Georg Svensli nektar å betale parkeringsbota han fekk på Molde sjukehus (arkivfoto).

Foto: Helge Helgheim. / NRK

– Eg har snakka med mange om det – også dei seier at det er håplaust å finne plass, fortel Kristian Georg Svensli.

Måtte feilparkere

Tidlegare i veka hadde han time på sjukehuset. Som vanleg betalte han på førehand på betalingsautomaten, før han svinga seg vidare inn på parkeringsplassen til sjukehuset. Men der var det smekkfullt.

– Timen begynte å nærme seg, men eg fann til sist ein stad der eg kunne setje frå meg bilen. Plassen var ikkje oppmerkt, men var god klaring for alle å kome seg forbi. Eg la parkeringsbilletten min godt synleg i frontruta, men då eg kom ut att frå timen hadde eg fått bot likevel.

Nektar å betale bota

Svensli seier at han ikkje kjem til å betale bota på 500 kroner.

– Eg er minstepensjonist, så ein slik sum utgjer ein del for meg. Dessutan så bør ein kunne parkere utan å bli straffa når ein får time på eit sjukehus.

No vil Svensli skrive lesarinnlegg om saka.

– Ved kjøpesentera er det gratis overalt å parkere. Kvifor er det ikkje gratis ved sjukehus? Det gir ikkje meining, seier han og ber politikarane kome på banen.

– Når ein kjem oppi min alder er det ikkje det enklaste å gå langt heller. Iallfall ikkje når ein allereie såpass skrøpeleg at ein må innom sjukehuset for å sjekke helsa, legg 77-åringen til.

Kjenner til problemet

Lisbeth Brekstad

Lisbeth Brekstad er verksemdleiar i Romsdal Parkering.

Foto: Remi Sagen / NRK

For besøkande er det 136 plassar som er regulert med betalingsautomat. I desse dagar er kapasiteten redusert på grunn av byggeverksemd i parkeringsområdet.

– Kapasiteten er heilt klart ikkje god nok og somme dagar er det rett og slett for få plassar, stadfestar verksemdsleiar Lisbeth Brekstad i Romsdal Parkering.

Ifølgje Brekstad er ikkje Svensli den einaste som har opplevd å måtte feilparkere for å kome seg til timen i rett tid.

– Når trafikkbetjentane er der, så vert dei ofte oppsøkt av folk som er fortvila for at dei ikkje finn plass. Somme dagar vert det ein del feilparkering, seier ho.

– Men er det rett at dei som har time, slit såpass med å finne plass at dei må feilparkere og få bot?

– Folk må sjølvsagt følgje opp timane dei har, men vi må handheve reglane. Vi får til dømes telefonar frå bussar rundt apoteket, som ikkje kjem seg inn fordi det er så mykje feilparkering. Slik kan det ikkje vere.

Brekstad legg til at dersom at nokon må feilparkere på grunn av ein akuttsituasjon, og det kan dokumenterast, så trekkjer parkeringsselskapet tilbake bota.

– Sjukehuset sitt ansvar

Verksemdleiaren forstår at folk kan reagere på at det kostar pengar å parkere ved eit sjukhus, men at det ikkje opp til Romsdal Parkering.

– Vi berre driftar parkeringsplassane. Sjukehuset vil ha betalt for parkeringsplassane, og då må vi handheve reglane deretter, forklarar ho.

Ifølgje Brekstad er det sjukehuset som må stå til rette for å skaffe fleire plassar.

– Det er deira ansvarsområde, utan at eg heilt har svaret på korleis dei skal løyse problemet. Det finst jo ikkje areal å ta av.

– Vi skal utvide

Kommunikasjonsrådgjevar Roland Maurseth i Helse Møre og Romsdal seier dei er kjend med at kapasiteten er dårleg ved Molde sjukehus.

– Derfor har det no blitt sett i gong eit arbeid med for å utvide kapasiteten. 10 til 15 plassar skal kome på plass innan relativt kort tid, seier han.

Ifølgje Maurseth vert det også gjort eit arbeid med å forbetre skiltinga for plassar av handikappa på sjukehusa i fylket.

– Vi tek kontinuerleg i mot tilbakemeldingar, og ønskjer sjølvsagt å leggje til rette best mogleg, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL