Hopp til innhold

– Vi er ikkje fornøgde før staten tek heile hotellrekninga

Pasientar som treng overnatting på hotell ved sjukehusbesøk skal få dekt 700 kroner per døgn. – Ikkje godt nok, seier brukarutvalet, som meiner staten bør ta heile rekninga.

Jakob Strand

Jakob Strand i Brukarutvalet til Helse Møre og Romsdal meiner politikarane er på rett veg når det gjeld løyvingar til pasientar som treng hotellovernatting, men han er ikkje heilt fornøgd før staten tek heile rekninga.

Foto: Trond Vestre / NRK

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i går vil regjeringa auke løyvingane til hotellovernattingar for pasientar frå 350 kroner til 700 kroner per døgn.

Pensjonist Jakob Strand, som er medlem i Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal, er ikkje fornøgd før pasientane får refundert heile hotellrekninga.

– Dekkjer ikkje utgiftene

Pasienthotell

– Hotellrom bør vere gratis for pasientar, meiner Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Consto
Molde sjukehus

Mange pasientar som har lang veg til Molde sjukehus må legge seg inn på hotell for natta dersom dei skal til behandling.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Jakob Strand, som også er leiar i Pensjonistforbundet, har jobba hardt for å få auka satsane.

No foreslår regjeringa å doble løyvingane til hotellovernatting for pasientane, men Strand meiner politikarane ikkje bør gi seg med det.

– Dette dekkjer ikkje alle utgiftene du har på overnatting når du skal behandlast på sjukehus og er nøydd til å bu på hotell.

Kraftig press

Auken i dekninga av hotell for pasientar kjem etter kraftig press frå brukarorganisasjonane. Møre og Romsdal har vore dei som har kjempa hardast for å få til ei endring.

Dagens sats ligg under det pasienten må betale for ei hotellovernatting, noko Strand meiner gir urimelege utslag, særleg for pasientar med lang reiseveg til sjukehus.

– Ein bør få refundert hotellrekninga fullt ut, understrekar Strand.

– Det er klart det er for lite med 700 kroner per døgn. Ein får ikkje noko rimeleg godt hotellrom til under 1000-lappen i dag.

– Eit steg i rett retning

Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal meiner likevel at forslaget er eit steg i rett retning.

– Det er ein retningssiger det som er foreslått. Dette er noko som kan byggast vidare på, slik at vi til slutt kan få full dekking, seier Strand.