Hopp til innhold

– Straumen går så fort det er litt vind

Olav Folkestad er oppgitt over dei sårbare straumlinjene i Volda. For mjølkeproduksjonen på garden hans betyr det ekstra utfordringar.

Olav Folkestad

OPPGITT: Bonden Olav Folkestad fortel at straumen går for ofte på Folkestad i Volda. Det får følgjer for mjølkeproduksjonen på garden.

Foto: Privat

Søndag kveld gjekk straumen på Folkestad i Volda igjen. Rundt 400 kundar vart utan straum i fleire timar på Folkestad, i Dalsfjorden og i Austefjorden.

Driftssentralen til Mørenett opplyser til NRK at dei til saman hadde tre feil på nettet i løpet av søndagen. Blant anna fekk Sogn og Fjordane Energi ein feil på si linje til Austefjorden, og i tillegg datt eit tre over ei straumlinje i same området.

For Olav Folkestad, som driv med mjølkeproduksjon på Folkestad, er det problematisk. Han fortel at straumnettet har vore ekstra sårbart dei siste månadane.

– Straumen går kvar gong det har vore litt vind, seier han.

Får følgjer for mjølkeproduksjonen

Peter W. Kirkebø

Peter Kirkebø i Mørenett fortel at dei no skal sjå på tiltak for å betre situasjonen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Folkestad har 60 kyr i fjøset, og når ein skal mjølke dei må straumen vere stabil. Dei har ordna seg med aggregat på garden, men det må til ein del arbeid for å få det i gong. 1. påskedag gjekk straumen i halv åtte tida, og var tilbake rundt klokka ni.

Allereie for fleire år sidan har han fått lovnader om betring av straumlinjene i området. No vil Mørenett setje i verk tiltak. Peter Kirkebø i straumselskapet fortel at dei planlegg ei tilstandsanalyse for å finne ut kva for linjer som treng ei oppgradering.

– Det er fleire straumbrot i dette området enn vi ønskjer å stå for, seier han.

Sårbare straumlinjer

Det er fleire linjer i området som er sårbare og som ofte har problem. Etter ekstremvêret Tor i vinter har problema blitt fleire.

– Vi skal no gjere det vi må for å få ei meir stabil straumforsyning. I løpet av året skal vi ha fått gjort mykje. Vi skal sørge for å sette inn vedlikehaldstiltak som er nødvendige, og også planlegge å bygge om dei mest sårbare linjestrekningane. Men det tar tid, seier Kirkebø, og legg til at Mørenett ser alvorleg på saka.

For bonden frå Folkestad er ikkje det tidsnok.

– Vi betaler mykje for leige av straumnettet, og eg føler at det ikkje skjer nokon ting. Vi er ikkje prioriterte, seier han.

Alle fekk tilbake straumen søndag kveld.