Hopp til innhold

Blir ny konsernsjef i Ekornes ASA

Olav Holst-Dyrnes (44) har takka ja til å overta konsernsjef for møbelprodusenten i Sykkylven.

Olav Holst-Dyrnes

Konsernsjef i Havfisk ASA, vert ny konsernsjef for møbelprodusenten Ekornes.

Foto: John Inge Johansen

Olav Holst Dyrnes seier dermed opp stillinga si som konsernsjef i fiskeriselskapet HAVFISK ASA.

– Styret i HAVFISK vil takke Holst-Dyrnes for innsatsen i den perioden han har leia selskapet og ønskjer lukke til med nye oppgåver, seier styreleiar Frank O. Reite i ei pressemelding.

– Går til jobben med ærefrykt

Holst-Dyrnes har erfaring frå møbelbransjen etter å ha jobba i Stokke i seks år, men seier han gru-gler seg til å ta fått på stillinga i som toppsjef i Ekornes.

– Eg trur det vert veldig spennande. Eg går audmjukt til jobben med ei viss ærefrykt. Ekornes er jo eit selskap med ei lang og god historie.

– Møbelbransjen slit meir med å halde hovudet over vatn enn fiskerinæringa. Korleis ser du på den utfordringa?

– Det er ikkje tvil om det. Det å drive norsk produksjon er utfordrande, men vi har eit svært solid fundament i Ekornes, og det får vi bygge på.

Artikkelen held fram under videoen.

Møbelkonsernet Ekornes har tilsett ny konsernsjef. Selskapet har i fleire år prøvd å få på plass ein ny toppleiar i bedrifta utan å finne den rette. No er Olav Holst-Dyrnes tilsett som ny sjef.

Sleit med å rekruttere toppsjef

Holst-Dyrnes, som bur i Ålesund, begynner som konsernsjef i Ekornes seinast 1. desember 2014.

Ekornes har stått utan permanent sjef sidan desember 2012 då Øyvind Tørlend gjekk etter å ha vore ueinig med styret. Forgjengaren Drabløs vart då leid inn som mellombels sjef etter å ha vore pensjonist i tre og eit halvt år. I eit intervju med NRK i januar gjorde han det klart at han ikkje ville halde fram i sjefsstolen etter fylte 70.

Fornøgd styreleiar

Kjersti Kleven

Styreleiar i Ekornes, Kjersti Kleven, starta dagen med eit smil då ho kunne sende ut nyheita om at møbelbedrifta endeleg har fått ny konsernsjef.

Foto: Arne Flatin / NRK

Styreleiar Kjersti Kleven er svært fornøgd med at møbelkonsernet endeleg har fått på plass ein ny konsernsjef i Olav Holst-Dyrnes.

– Vi har vore ute etter ein konsernsjef som er strategisk tenkande, og som har gjennomført gode prosessar på gode måtar tidlegare. Det meiner vi å ha funne i han, seier styreleiaren.

– Kor viktig var det å få ein ny konsernsjef med lokal tilhøyrsle på Sunnmøre?

– Når vi har ein med dei rette kvalifikasjonane og personlegdom, så synest vi det er eit ekstra pluss at vi har nokon med regional tilknyting. Ekornes er ei viktig bedrift på Sunnmøre, og det skal det halde fram med å vere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL