Hopp til innhold

Bjørnsonprisen til Cecilia Dinardi

Advokat Cecilia Dinardi blir tildelt årets Bjørnsonpris for sin omfattande, langvarige og ueigennyttige farlege og menneskelege innsats for barn og unge asylsøkarar sine rettar.

Cecilia Dinardi

Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet har tildelt Bjørnsonprisen 2016 til advokat Cecilia Dinardi.

Foto: Moment studio

Det opplyser Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet i ei pressemelding.

Cecilia Dinardi kom til Noreg frå Chile som flyktning då ho var 12 år gamal.

– Ho opplevde kva det vil seie å vere barn i asylmottak og seinare kva det inneber å vere ein ung innvandrar i Noreg. Denne innsikta motiverte henne til å skaffe seg norsk, juridisk utdanning og til å arbeide som jurist med barns rettar som sitt spesialområde.

– Slik har ho bidrege til å gi ei stemme til ei gruppe som sjeldan eller aldri sjølv kjem til ordet, skriv Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet i grunngjevinga si.

Får prisen for sitt viktige arbeid

Som sekstenåring var Dinardi med på å starte «Sørlandsgnisten», ein forløpar til Landsforeininga for barneheimsbarn. Ho har mellom anna vore juridisk rådgjevar for NOAS, og i 2011 fekk ho prisen «Årets forbilde» av regjeringa.

Dinardi vil ta imot prisen under Bjørnsonfestivalen i september.

– Cecilia Dinardi er ein menneskerettsaktivist utanom det vanlege. Ho arbeidar konkret og målretta for ei sårbar gruppe, og det bidreg både til praktisk inkludering av menneske som lett kunne ha falt utanfor samfunnet, og til å synleggjere situasjonen deira.

– Gjennom sitt arbeidet legg ho grunnlaget for det nye Noreg, står det i grunngjevinga frå Akademiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL