Hopp til innhold

– Lokalmatprodusentar er dårleg på PR

Små matvareprodusentar må skjerpe seg, meiner bedriftsrådgjevaren Henning Holmbakken. Og då er det ikkje kvaliteten på maten han tenkjer på.

Trøndersk matfestival 2014, kortreist mat, lokal mat, trøndersk mat

Kortreist mat er i vinden som aldri før. Men produsentane må bli flinkare til å tenkje på marknadsføring og presentasjon, seier bedriftsrådgjevar.

Foto: Hilde Grande / NRK

Lokalmat og kortreist mat er etterspurt både av hotell, restaurantar og private enkeltkundar. Men viljen til utvikling og vekst er eit problem i lokalmatnæringa. Det meiner bedriftsrådgjevar Henning Holmbakken i konsulentfirmaet Fossekallen.

– Alle seier dei sel alt dei lagar og at dei kunne ha laga meir, men då må dei bruke tida si til å lage meir – og få varene distribuert, seier han.

Historieforteljing

Henning Holmbakken

Bedriftsrådgjevar Henning Holmbakken heldt føredrag for lokale matvareprodusentar under Matfestivalen i Ålesund.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Holmbakken trur at mange av produsentane ikkje er vane med marknadstenking. Årsaka til dette meiner han har ein samanheng med landbrukssamvirke, der bøndene alltid har fått levert det dei skal til ein fast pris.

Hovudpoenget til bedriftsrådgjevaren er at om lokalmatnæringa skal klare å vekse, så må produsentane ta marknadsføring på alvor.

– Det handlar om historieforteljing. Lokale matvarer har høg kvalitet og høg pris, og då må presentasjonen av varene vere deretter.

– Amatørmessig

Mange små produsentar tør ikkje ta seg råd skikkeleg emballasje og god design.

– Mange av dei små er ikkje flinke nok. Dei vil ikkje hyre profesjonell hjelp. Dei gjer heller jobben sjølv, og då vert det litt amatørmessig. Det fortener ikkje produkta, seier Holmbakken.

Kundane kjøper varer med fin emballasje, og derfor er det viktig at lokalmatprodusentane brukar pengar på presentasjonen av varene sine. Dette vil nemleg lønne seg over tid, meiner han.

– Det finst mange historier på at dei som har redesigna produkta sine til ein betre emballasje, aukar salet berre med visuelle hjelpemiddel.

– Ikkje nok med bodsal

Forutan mangel på god emballasje-design, meiner Holmbakken at produsentane må tenkje meir på marknadsføring i møtet med kundane. Til dømes meiner han at bodsal på marknadar er ein ineffektiv måte å selje produkta på.

– Du skal pakke bilen, reise av garde og stå tilgjengeleg heile dagen, for å så pakke ned igjen og kome heim seint på natt. Ein kan vere sliten i fleire dagar etter ein slik operasjon, seier han.

– Om kundane så ønskjer seg meir av produkta veka etter, så er det ikkje gitt at du som produsent står ved salsboda lenger. Derfor er det viktig at buene er marknadsføringskanalar og ikkje reine salskanalar, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL