Hopp til innhold

Satsar sterkt på lokal mat

Vebjørn Skog frå Stranda har samla fleire hundre produkt frå lokale produsentar under eitt og same tak.

Vebjørn Skog

SATSAR: Vebjørn Skog vel å satse på lokalmat, og kan tilby fleire hundre produkt frå ulike leverandørar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vebjørn Skog

PRODUKT: Skog har samla fleire hundre lokale produkt i den nye butikken,

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er på ein måte ei stor utgåve av bondens marknad, seier Vebjørn Skog, dagleg leiar av den nyopna lokalmatbutikken Matbuda.

Skog har frå før av ein lokalmatbutikk i Stranda, og satsar no enno sterkare på kortreist mat. I eit 60 kvadratmeter stort lokale på Moa Amfi kan han tilby alt frå indrefilet, pølser, spekemat, krydder, fisk og øl til meieriprodukt og ost.

– Vi kan tilby det meste. Vi har over 400 produkt frå meir enn 60–70 ulike produsentar, seier Skog.

Viktig kompetanse

Butikken har samla produkt frå heile Midt-Noreg og kjem hovudsakleg frå små produsentar.

– Ofte er det berre ein eller to personar som står bak produkta, seier Skog.

Lokal mat blir ein stadig større del av sortimentet i vanlege matbutikkar. Skog meiner likevel at lokalmatbutikkane kan tilby noko ekstra.

– Når du kjem til ein stor matbutikk kan det vere vanskeleg for dei tilsette å vite alt om dei lokale produkta, seier han.

– Vi som driv desse lokalmatbutikkane har mykje kunnskap og kompetanse om produkta og produsentane, held han fram.

Bildet held fram etter artikkelen.

Lokal mat

PRODUKT: Eitt av dei mange produkta som seljast på lokalmatbutikken.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lokal mat i vinden
Kai Talberg

PRODUSENT: Kai Talberg er ein av dei mange produsentane som leverer varer til butikken. Han meiner slike butikkar er eit viktig tiltak-

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lokal og kortreist mat ser ut til å vere i vinden. Skog opplever at fleire kundar i større grad er opptekne av kvaliteten på produkta.

– Folk er ute etter kvalitet og ekte produkt som er laga av små produsentar. Det er ein samanheng mellom kvalitet og pris, seier han.

Kai Talberg frå Rauma er ein av dei mange produsentane som leverer lokale varer til butikken. Han er samd i det Skog seier, og meiner butikken er ein viktig ressurs.

– Det er tydeleg at forbrukarane vil ha kvalitetsprodukt, og at det er eit større fokus på kvalitet no. Det får du på desse butikkane, seier Talberg.

I tillegg merkar han at kundane er meir bevisste når dei kjøper mat

– Dei eg pratar med er veldig bevisste på kva som er i maten, og at den skal vere lokal, seier Talberg.