Hopp til innhold

Barnehagetilsett dømt for overgrep mot barn i ein barnehage

Ein mann i 50-åra er dømt for å ha utført seksuelle handlingar mot barn. Ifølgje dommen skjedde overgrepa i barnehagen der mannen jobba.

Romsdal tingrett

DØMT: Mannen i 50-åra angrar på det han gjorde. Han hadde jobba i barnehagen i fleire år.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Mannen, som er busett i Møre og Romsdal, er dømt til fengsel i fem månader for å ha utført seksuelle handlingar med barn.

Ifølgje dommen forgreip han seg på to jenter i barnehagen han jobba i. Saka vart oppdaga då den eine av dei to jentene fortalde mora kva som hadde skjedd, og ho melde det vidare til barnehagen.

Retten ser det som særleg skjerpande at overgrepa har skjedd i barnehagen, av ein omsorgsperson barna har tillit til.

– Det er veldig alvorleg at dette har skjedd i ein barnehage. Det er her foreldre leverer barna sine, og forventar at det skal vere trygt. Så dette er eit grovt tillitsbrot, seier politiadvokat Maria Vike Nørve.

Aktor Maria Vike Nørve

ALVORLEG: Politiadvokat Maria Vike Nørve seier dei har etterforska saka breitt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I dommen står det at overgrepa skjedde medan mannen var aleine med jentene på eit lukka rom.

Stor etterforsking

Politiet har også etterforska om fleire barn i den aktuelle barnehagen har vore offer i denne saka, som vart meldt til politiet i 2018.

– Vi har hatt fleire inne til avhøyr, men etterforskinga har ikkje avdekt at det skal ha skjedd fleire overgrep, seier politiadvokat Maria Vike Nørve.

Gjennom etterforskinga har politiet også gått gjennom 15 millionar filer frå mannens datamaskin, mellom anna for å kartlegge søk mannen har gjort. Politiet seier dei ikkje fann noko ulovleg, men Nørve seier desse funna var viktig for at saka skulle ende med ein dom.

– Eg meiner det vi fann, sjølv om det ikkje var ulovlege filer, medverka til at saka enda med ein fellande dom, seier ho.

Nørve peiker på at dette er veldig komplekse saker som det er vanskeleg å komme i hamn med. Også forklaringa til dei to jentene var viktig for å få mannen dømt.

– Dei har forklart om lag det same i avhøyra, det har vore viktig for saka. Det er sjeldan at forklaringa til så unge barn aleine fører til domfelling, seier ho.

Seier han visste at det han gjorde var feil

Mannen erkjente sjølv straffskuld. Han forklarte til retten at han forstod i etterkant at det han gjorde var gale, og angra seg.

Han får strafferabatt for tilståinga, men også fordi politiet har brukt lang tid på saka. Tidlegare har politiet innrømt til NRK at dei har hatt lite framgang i saka.

Saka har også tatt tid på grunn av gjennomgangen av det digitale beslaget, samt den pågåande pandemien.

Mannen må også betale erstatning på til saman 90 000 kroner.

Vil ikkje anke

Ifølgje mannens advokat Roy Peder Kublik vedgår domfelte straffansvar.

– Sjølv om han opplever at straffa er streng, så ønskjer han å legge saka bak seg og sjå framover, og ankar difor ikkje dommen, seier Kublik til NRK i ein kommentar til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL