Hopp til innhold

Anastasia (5) er på hotell heile dagen fordi barnehagen manglar tilsette

Turistbygda Geiranger slit med å få tilsette i barnehage og skule. Det betyr at foreldre må ta med barna på jobb.

Anastasia ved Union hotell i Geiranger

For Anastasia Leis er Hotel Union Geiranger ein leikeplass. Begge foreldra hennar jobbar ved hotellet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Joylin B. Leis på Hotel Union Geiranger

Joylin B. Leis er hovmeister ved Hotel Union Geiranger. Dei dagane ho og mannen ikkje får det til å gå opp med turnusen, må dottera bli med på jobb.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tusenvis av turistar kjem kvart år til den vesle sunnmørsbygda for å oppleve ville fossar og majestetiske fjell. For dei tilsette i reiselivsnæringa skaper mangel på barnepass bekymring.

Hovmeister Joylin B. Leis på Hotel Union dekker borda til lunsj, men held samstundes eit auge med dottera Anastasia. Femåringen får ikkje barnehageplass, og må vere med på jobb.

– Vi er lei oss på hennar vegne. Ho får ikkje kontakt med andre barn her, seier mamma Joylin.

Ho og mannen er nyinnflyttarar i Geiranger og begge jobbar på hotellet. Dei hadde aldri førestilt seg at barnepass skulle bli eit stort problem då dei kom. Paret kjem frå Filippinane og Tyskland og har ikkje familie som kan hjelpe dei å passe dottera.

Anastasia Leis

Anastasia teiknar mykje når ho er med foreldra på jobb.

Foto: Remi Sagen / NRK

Får ikkje kompetente søkjarar

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), jobbar med å finne ei løysing på barnehagekrisa i Geiranger.

Foto: Remi Sagen / NRK

Både skulen og barnehagen i turistbygda har store problem med å få tak i tilsette. No er det så få tilsette i barnehagen at den er stengt ein dag i veka. Det betyr at også dei som har barnehageplass, må ta med barna sine på jobb enkelte dagar.

Foreldre blei nyleg varsla om at barnehagen kan bli heilt stengt ein periode etter haustferien.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) seier det er krevjande å få kompetente søkarar til stillingane. Dei jobbar intenst med å finne ei løysing.

– Det er ein veldig stressfaktor for dei som skal drive barnehagetenesta, og det er endå verre for dei som jobbar i Geiranger å oppleve at barnehagen plutseleg blir stengt, seier Tryggestad.

Les også Inga (29) valde å følge «bygdehjartet» då Geiranger sleit med å få tak i lærarar

Inga Synøve Maråk Vinje i Geiranger.

Høgt sjukefråvær i heile landet

Ann Mari Milo Lorentzen sitter i Utdanningsforbundets sentralstyre.

Ann Mari Milo Lorentzen er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet.

Foto: Stig Weston

Det er ikkje berre i Geiranger at barnehagar slit med bemanninga. Ann Mari Milo Lorentzen, som er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, seier at det er høgt sjukefråvær blant dei tilsette og mangel på vikarar i heile landet.

– Vi veit at det er tilfelle der barnehagar må stenge enkeltdagar eller ein ber foreldra om å hente barna tidlegare, seier Lorentzen.

Sjølv om problemet er stort i heile landet, trur ho det er meir krevjande å få tak i vikarar på små plassar.

Les også Krise i barnehagene – leter etter vikarer på Facebook

Bemanningstrøbbel i barnehager i Norge. Imi Barnehage i Alta.

Fryktar at tilsette sluttar

Hotelldirektør Monja Mjelva seier situasjonen er fortvilt. I Geiranger er det ikkje berre å sende barna til nabobygda. Vinterstid er det rasfare og ofte er vegane stengde.

– Det er fleire tilsette som vurderer å reise herifrå visst ikkje det kjem ei løysing i barnehagesituasjonen. Vi har allereie folk som antydar at dette ikkje går, seier Mjelva.

Hotellet sjølv har bygt 24 leilegheiter for at det skal vere enklare for folk å flytte til Geiranger.

– Vi har gjort ein stor innsats for å prøve å rekruttere tilsette med familiar, slik at vi kan skape det samfunnet Geiranger treng. Vi er på Unesco si verdsarvliste. Der er eit av kriteria at vi skal vere ei levande bygd, seier Mjelva.

Ho forventar at kommunen kjem med ei rask løysing på barnehagekrisa.

Hotelldirektør Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger

Hotelldirektør Monja Mjelva fryktar at tilsette skal slutte fordi det er så vanskeleg med barnepass.

Foto: Remi Sagen / NRK

Lærer ikkje norsk

For Anastasia blir det lange og kjedelege dagar. Femåringen i tyllskjørt sit tolmodig på pappa Sebastian sitt kontor og teiknar. Ho lærer lite norsk, sidan ho ikkje blir kjend med andre barn i bygda.

– Ho skulle ha fått leika med andre barn. Det er vanskeleg for barn å vekse opp her utan å få gå i barnehagen, seier mamma Joyline.

Sebastian Leis med dottera Anastasia på fanget på kontoret sitt ved Union Hotel i Geiranger

Her er Anastasia på pappa Sebastian Leis sitt kontor.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL