Hopp til innhold

Inga (29) valde å følge «bygdehjartet» då Geiranger sleit med å få tak i lærarar

På det tredje forsøket skulle skulen i Geiranger lukkast. Då var det nemleg ei med eit stort hjarte for bygda som valde å hjelpe.

Inga Synøve Maråk Vinje i Geiranger.

GEIRANGER: Inga Synøve Maråk Vinje er fødd og oppvaksen i Geiranger. Bygda ho no skal flytte tilbake til.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Planen var eigentleg å halde fram med jobben som sjukepleiar, og å reise tilbake til Nicaragua.

Men då framtida for skulen i bygda ho vaks opp i sto i fare, la ho draumane sine til side i eitt år.

– Bygdehjartet er vel eigentleg hovudgrunnen. Eg sa eg kunne når eg skjønte at det var så vanskeleg å få ta i nokon, seier Inga Synøve Maråk Vinje.

Ho er utdanna lærar, men innsåg at det ikkje var draumeyrket. I staden tok ho ny utdanning som sjukepleiar, som ho akkurat er ferdig med.

Men det neste året er det skulen der ho lærte seg alfabetet, brøk og grammatikk som blir arbeidsplassen.

– Eg trur det blir kjekt. Det var ikkje planen, så det blir ei omstilling, men alle mine planar kan eg usette eit år.

Inga Synøve Maråk Vinje skal jobbe som lærar i Geiranger.

På denne skulen har Inga mange minner frå barndommen. No skal ho skape nye i vaksen alder.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Stor lærarmangel

Og det er ikkje berre Geiranger som slit med å finne kvalifiserte lærarar. Ifølgje Utdanningsforbundet manglar nesten kvar femte lærar utdanning, og det er ikkje uvanleg at kommunane må lyse ut stillingane fleire gongar for å få tak i kvalifiserte lærarar.

Leder for Utdanningsforbundet Steffen Handal

Steffen Handal, leiar av Utdanningsforbundet, seier det er store problem med å finne kvalifiserte lærarar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det vil eg omtale som krise, elevane vil ikkje få ei fullverdig opplæring, seier Steffen Handal, leiar av Utdanningsforbundet.

Lærarmangelen er verst i Oslo kommune, men det er ille i distrikta og i nokon sentrumsområde.

– I distrikta er det ein del stader heilt krise. Vi har skular der over 40 prosent av lærarane ikkje har lærarutdanning. Det er svært, svært alvorleg.

Lyste ut stillinga tre gonger

Stranda kommune hadde lyst ut lærarstillinga i Geiranger to gonger allereie. Første gong stillinga vart lyst ut var der tre kvalifisere søkjarar, alle takka nei. Andre gong var det ingen kvalifiserte. Då Inga forstod kor vanskeleg situasjonen var, valde ho å sende inn ein søknad den tredje gongen stillinga vart lyst ut.

– Vi er veldig fornøgd med at folk vel Stranda kommune som sin framtidige arbeidsgjevar, seier rådmannen i Stranda kommune, Åse Elin Hole.

Kva som hadde skjedd med skulen om dei ikkje hadde klart å fylt den ledige stillinga, er usikkert, seier ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp).

– Då måtte vi eventuelt ha beordra nokon til Geiranger, eller sendt elevane til andre skular. Men målet vårt er heilt klart å ha ein skule i Geiranger. Det er heilt vesentleg for å sikre eit heilårssamfunn i turistbygda, seier han.

Inga Synøve Maråk Vinje skal jobbe som lærar i Geiranger i eitt år.

Inga er utdanna lærar, men har ikkje jobba som dette fast. I staden tok ho ny utdanning som sjukepleiar.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Og sjølv om planane til Inga er snudd på hovudet, gler ho seg til å flytte heim att til bygda ho vaks opp i.

– Eg trur det blir artig. Ungdommane og ungane i Geiranger er veldig fine folk, eg kjenner jo mange av dei. Det kan kanskje gjere det både vanskelegare og lettare.

Les også Vikarkrise i skule og barnehagar: Her er Reidun (67) redninga

Pensjonist Reidun Kvien går inn som vikar ved Tennfjord skule