NRK Meny
Normal

– Fyrverkeriet kan vere laga av barn

Unicef reknar med at fleire hundre tusen barn arbeider i fyrverkeriindustrien i Asia og Sør-Amerika. Dette er av det farlegaste barnearbeidet som fins. Organisasjonen meiner mykje av dette fyrverkeriet endar opp i den vestlege verda.

Mangus og Terje Erstad

SJEKKAR: Magnus og pappa Terje Erstad konstaterer at fyrverkeriet dei har kjøpt til nyttårsaftan er frå Kina, men dei anar ikkje korleis det er produsert.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Heilt frå eg var bitte liten har eg vore fascinert over ting som smell, og som går opp i lufta, seier Terje Erstad frå Sula i Langevågen.

Sonen Magnus Erstad (15) er heilt samd.

– Det er kjempeartig når det smell, og det vekker eit eller anna inni meg, seier han.

Og dei to er ikkje åleine. I fjor importerte vi fyrverkeri til Noreg verdt 39,8 millionar kroner. Mesteparten kjem frå Kina.

Men Unicef meiner altså at vi ikkje kan vere skråsikre på at fyrverkeriet vi kjøper er produsert på ein måte som ivaretek arbeidarane.

Orgnaisasjonen slår fast at det er utbredt med barnearbeid på fyrverkerifabrikkar i India og Kina. Men landa er tilbakehaldne med nasjonal statistikk.

Barnearbeidet blir ofte avdekka når det skjer ulykker, då med alvorlege konsekvensar.

Les også: Sjokkbølgjer fem kilometer unna

Eksplosjon på fyrverkerifabrikk i Kina

EKSPLOSJON: 19 personar omkom, og 159 vart skadde då denne fyrverkerifabrikken eksploderte i Kina i fjor haust. Arbeidet i denne industrien blir rekna som svært farleg. Det aller meste av fyrverkeriet vi sender opp i Noreg, kjem frå Kina.

Foto: Wang Jianwei / Ap

Farleg arbeid

ILO (International Labour Organization) reknar med at det fins 135.000 barnearbeidarar i fyrverkeriindustrien i India.

– Når vi i tillegg veit at det i tillegg blir produsert mykje fyrverkeri i Kina og i Sør-Amerika, så betyr det at det kan vere opp mot ein halv million barn som arbeider med denne type barnearbeid, seier generalsekretær Bernt Apeland i Unicef Norge (FNs barnefond) til NRK.

Han slår fast at det er svært farleg å arbeide på fyrverkerifabrikkar.

– Det er eksplosivt. Og det er gjerne i samband med ulykker vi får informasjon om at barn har vore brukt som arbeidskraft. I tillegg arbeider dei med mykje farlege kjemikaliar, så dette er klassifisert som farleg barnearbeid.

Les også:

Fyrverkerientusiastar

Magnus Erstad

GLER SEG: Nyttårsaftan er minst like spennande som julaftan for Magnus Erstad (15).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Hos familien Erstad i Langevågen i Sula er det stort fokus på fyrverkeri rundt nyttårstider. Pappa Terje Erstad har alltid vore interessert i krut og smell, og eldstesonen Magnus Erstad (15) har arva interessa.

– Eg gler meg minst like mykje til nyttårsaftan som til julaftan, seier han.

Men han har aldri tenkt over at fyrverkeriet han og faren sender opp, kan vere produsert gjennom farleg barnearbeid.

Terje Erstad meiner det er synd at forbrukarane ikkje får vite korleis fyrverkeriet er laga. Han har sjølv vore fyrverkeriseljar, men fekk då fyrverkeriet via ein importør. Han visste ikkje mykje om kva som hadde skjedd i ledda før.

– Som så mykje anna av det vi kjøper frå Kina, så kan det nok hende at barn er involverte i produksjon av fyrverkeriet vi sender opp. Det er ikkje bra. Som forbrukar er det vanskeleg å vite, seier han.

Strengare krav

Terje Erstad

VIL VITE: Terje Erstad meiner det bør stillast strengare krav til importøren av fyrverkeri, slik at forbrukaren kan få vite om vara er produsert på ein etisk forsvarleg måte.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Og det er heller ikkje så lett å velje vekk fyrverkeri frå Kina.

– Før det vart forbod mot fyrverkeri med styrepinne importerte vi også ein del frå Spania. Då kunne vi som forbrukarar ha valt å kjøpe det, men no kjem det aller meste frå Kina, stadfestar Erstad.

For familien Erstad er det ikkje eit alternativ å slutte å kjøpe fyrverkeri. Men Terje Erstad vil gjerne vite meir om korleis vara han kjøper er produsert.

– Det er vanskeleg for oss å vite kva som er produsert på ein dårleg måte, og kva som er produsert på ein måte vi kan akseptere. Importørane bør ha ei rolle her. Dei bør sikre seg at vara er produsert på ein etisk forsvarleg måte, slik det må vere i all handel, seier Erstad.

– Be om dokumentasjon

Det er vanskeleg for kvar enkelt forbrukar å finne ut om fyrverkeriet er importert frå fabrikkar utan barnearbeidarar, og med gode arbeidsforhold elles.

Unicef vil ikkje gå så langt at dei fråråder kjøp av fyrverkeri. Men dei meiner det er rett å stille krav til seljarane. Dei bør kunne svare på korleis vara er produsert, og om dei har retningslinjer for å forhindre at folk blir utnytta, meiner organisasjonen.

Bernt Apeland

SPØR: Generalsekretær, Bernt Apeland, i Unicef Norge ber forbrukarane spør seljarane korleis fyrverkeriet er laga.

Foto: UNICEF

Vi skal alltid spør den som sel fyrverkeri om han kan garantere at det ikkje er produsert gjennom farleg barnearbeid. Etter mi vurdering må importørane som må forsikre seg om at vara er produsert på lovleg måte, og det må dei kunne garantere, slår Apeland fast.

Les også:

– Har kontroll

Rolf Terkelsen er talsmann og leiar for Norsk Pyroteknisk Bransjeråd. Han seier bransjen har gode kontrollrutinar og at forbrukarane ikkje treng å frykte at varene som kjem til den norske marknaden er produsert på etisk uforsvarleg vis.

– Importørane reiser til fabrikkane i Kina fleire gongar i året, og har aldri sett eit barn der. Fabrikkane er under streng kontroll. Vi er med på testar, og varene vi tar inn til landet er sertifiserte og godkjende av styresmaktene på alle måtar, seier han.

Fyrverkeri over Oslo

FEIRING: I fjor importerte vi fyrverkeri til ein verdi av 39,8 millionar kroner, viser tal frå SSB. Det aller meste kjem frå Kina.

Foto: Løchen, Per / Scanpix

Terkelsen seier også at dersom norske styresmakter stiller kravet, vil bransjen gjerne skaffe dokumentasjon på at fyrverkeriet er produsert under gode arbeidsforhold.

– Kvar enkelt seljar kan ikkje vite korleis dei ulike produkta er produserte, men dersom styresmaktene krev at importørane dokumenterer dette, så kan eg ikkje tenke meg at det skulle vere noko problem, seier Terkelsen.

Han sender ballen tilbake til Unicef, og seier bransjen gjerne vil vere med på å rydde opp dersom organisasjonen kan gi dei ei adresse til ein fabrikk der dei veit det går føre seg barnearbeid.

– Sjølvsagt vil vi vere med på å stoppe dette om det skulle vere tilfelle. Ingen av oss er tente med at det vi sel blir produsert på uetisk vis. Dersom UNICEF har ei adresse, vil vi gladeleg sende ut åtvaring til alle importørane både i Noreg og i utlandet, seier Terkelsen.

– Kan ikkje garantere

Unni Grevstad

ALTERNATIV: Kommunikasjonsansvarleg i Initiativ for etisk handel, Unni Grevstad, meiner ingen kan garantere at fyrverkeriet vi kjøper i Noreg er produsert på ein etisk forsvarleg måte.

Foto: Morten Brakestad / Lysbordet.no

Organisasjonen Initiativ for etisk handel (IEH) meiner det er vanskeleg for fyrverkeriseljarane og importørane å garantere noko som helst.

– Ingen kan garantere. Det er ikkje muleg uansett kor etisk rett ein arbeider med eigne leverandørkjeder. Det kan vere ein underleverandør til ein underleverandør til ein tredje leverandør som ikkje har reint mjøl i posen. Difor er det viktig å stille krav om betring, seier kommunikasjonsansvarleg i IEH, Unni Grevstad.

Men ho er samd med UNICEF i at dersom ein skal kjøpe fyrverkeri, bør ein stille spørsmålet til dei som sel.

– Men faktum er altså at vi ikkje kan vite om fyrverkeriet vi sender opp nyttårsaftan er produsert under uverdige forhold. Så kvifor gjer vi det då? spør ho.

Grevstad meiner det er andre ting vi heller bør bruke pengar på når vi no går mot eit nytt år.

– Initiativ for etisk handel oppmodar folk om å heller bruke pengane på å støtte ein organisasjon som arbeider for ei betre verd. Kva med gåver som reddar liv, skaper håp og gir ein god smak i munnen? Ein minefri skuleveg, ei fotballbane, tryggleik, retten til ein heim.