19 personar omkom og 153 er skadde etter at ein kinesisk fyrverkerifabrikk gjekk i lufta i Yichun, ein by i den nordaustlege Heilongjiang-provinsen i Kina.
Fem er framleis sakna etter ulykka, melder nyheitsbyrået Xinhua.
Eksplosjonen sendte sjokkbølgjer som kunne kjennast fem kilometer unna. 2.000 innbyggjarar i området vart evakuerte frå heimane sine.
Eksplosjonen skjedde då tilsette skulle flytte fyrverkeriet ut av fabrikken, som var truga av flaumvatn på grunn av kraftig regn.
(NTB)