Hopp til innhold

Avslørte ulovleg mannskap på fiskebåt

Storaksjon på fjorden avdekte fleire lovbrot.

Kontroll Sunnmøre 150916

Ein rekke etatar arrangerte denne veka ein storkontroll i fjordane på Sunnmøre. Der avdekte dei mange lovbrot.

Foto: Fiskeridirektoratet

Politi, Statens naturoppsyn, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Kystvakta har denne veka samarbeida om ein storkontroll på Sunnmøre. Der har dei gjennomført kontrollar av teiner, garn og andre typar fiskereiskap. I tillegg har dei undersøkt leppefiske.

Karl-Anton Lorgen, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Midt, seier dei avdekte fleire forhold under kontrollane. Blant anna oppdaga dei bruk av ulovleg arbeidskraft.

– Vi har avdekt at nokon av dei som driv med leppefiske har brukt mannskap som ikkje har norsk bustadadresse eller er registrert i Norge, noko som ikkje er i samsvar med regelverket. I tillegg har vi dradd fleire teiner som har hatt for små fluktopningar og som ikkje har vore merka rett, seier han.

Har avdekt lovbrot

Vekas aksjon er ein av dei største felleskontrollane etatane nokon gong har hatt. Lorgen, seier det er fleire fordelar med å samle ressursane på denne måten.

Storkontroll Sunnmøre

Mange av teinene som blei tatt hadde for små fluktopningar.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Vi er ulike etatar med ulik kompetanse og regelverk, som kan dra veksel på kvarandre for å bli meir effektive. Alle etatane har fått utbytte av det, og dette er noko vi kjem til å gjere igjen, seier han.

Samarbeidet har også gjort det mogleg å dekke eit mykje større området, seier Lorgen.

– Vi har hatt opptil fire-fem fartøy på sjøen samtidig, og har på den måten kunne dekt eit mykje større geografisk område. I tillegg har vi kunne sendt båtar der vi har hatt observasjonar.

Aksjonen har avdekt rundt fem brot på leppefiske og tatt mellom 25 og 30 teiner.

– Regelbrota blir meldt av oss, og så blir det opp til politiet og påtalemakta å avgjere det endelege utfallet, seier Lorgen.

Viktige tips

Storkontroll Sunnmøre

Fire-fem båtar har vore i aksjon under kontrollen.

Foto: Fiskeridirektoratet

Etatane har også gjennomført målretta kontrollar i namngitte område.

– Vi får ein masse tips frå publikum som vi tek med oss i slike aksjonar, seier Lorgen.

Han seier at desse tipsa er svært viktige for å ta syndarane.

– Den kontakta vi har med publikum er heilt avgjerande for vår kontrollverksemd, seier han.