Hopp til innhold

– Fritidsfiskarane må sette seg betre inn i regelverket

Storaksjon på Nordmøre gjorde beslag i mange ulovlege teiner og annan fiskereiskap.

Ulovlig teine

Fiskeridirektoratet, Statens naturoppsyn og Kystvakta jobbar saman for å ta tjuvfiskarane.

Foto: Roar Halten / NRK

Kursen blir lagt for ein storaksjon. Kvar ein krik og krok skal undersøkast.

Olav Inge Edvardsen, oppsynsmann i Statens naturoppsyn.

Olav Inge Edvardsen, oppsynsmann i Statens naturoppsyn.

Foto: Roar Halten / NRK

Denne veka har mannskap frå Fiskeridirektoratet, Statens naturoppsyn og Kystvakta vore ute på jakt etter folk som tjuvfiskar med ulovlege reiskap.

– Det er klart at når vi er ute med tre båtar så kan vi fare over eit ganske stort område totalt sett, seier Olav Inge Edvardsen, oppsynsmann i Statens naturoppsyn.

Viktig samarbeid

Men det også fleire fordelar ved at dei tre etatane samarbeider om å stoppe ulovleg fiske.

Jørgen Wallem, skipssjef KV Njord.

Jørgen Wallen fortel at det er fleire fordelar ved samarbeidet.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi har forskjellige innsynsvinklar på ting. I tillegg får kvar av oss inn ulike tips frå lokalbefolkninga. I tillegg har vi no moglegheita til å gjere eit grundigare og ein meir fullstendig kontroll av område når vi køyrer saman, seier Jørgen Wallem, skipssjef KV Njord.

Og det tek ikkje lang tid før dei finn det dei leitar etter, nemleg eit ulovleg og umerka reiskap.

– Denne ser du er umerka og manglar fluktluke, seier Nicolai Berner, løytnant på KV Njord og peikar på ei teine som han akkurat har dradd opp av sjøen.

– Kvifor trur du folk gjer det?

– Nei, dei ønskjer kanskje å skjule det for oss?

Bøtelagt

Eva Kristin Godø, inspektør i Fiskeridirektoratet, meiner fleire fritidsfiskarar må blir flinkare til å setje seg inn i regelverket.

Eva Kristin Godø, inspektør i Fiskeridirektoratet

Eva Kristin Godø, inspektør i Fiskeridirektoratet, meiner mange fritidsfiskarar treng meir kunnskap om regelverket.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi gjer ikkje mange beslag av yrkesfiskarar. Saka er ei anna når det gjeld fritidsfiskarar. Der trur eg det er ein del som kan for lite om regelverket, seier ho.

Godø trur også at mange tenker at det ikkje er så farleg.

– Ein del tenker nok at dei ikkje må følgje reglane når det berre er for eitt par timar eller ei helg. Men om du ikkje merkar utstyret så blir det beslaget og då mistar du reiskapen, blir meldt og du kan få eit bot, seier ho.