Hopp til innhold

Avhøyrt etter knivstikking i Volda

Politiet har i dag avhøyrt dei to mennene involvert i ei knivstikking i Volda tysdag.

Politi

Politiet har i dag avhøyrt dei to partane i ei knivstikking i Volda tysdag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Vi har avhøyrt dei to partane, og er snart ferdig med avhøyra, fortel etterforskningsleiar Grete Hjelle vd Sunnmøre politidistrikt.

Det var like etter klokka 18.00 tysdag kveld at politiet rykka ut til ei adresse i Volda etter at dei fekk melding om ei knivstikking.

Framme på staden fann dei ein mann i 40 åra som hadde blitt knivstikket. Ein mann i 50 åra vart arrestert for forholdet.

– Mannen vart sendt til sjukehuset i Volda for behandling, og skal ha fått moderate skader, sa operasjonsleiar Ole Bjørn Harang til NRK.no tysdag.

Vil ikkje seie kva som er årsaka

Det er enno uklart kva som er bakgrunnen til åtaket.

– Dei to kjenner kvarandre. Eg vil ikkje seie noko meir enn det på dette tidspunktet, seier Hjelle.

Knivstikkinga skal ha skjedd i eit bustadhus i Volda, og dei to personane er begge kjenningar av politiet.

Den sikta blir varetektsfengsla inn til vidare.

Politiet vil halde fram med etterforskingsarbeidet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL