Hopp til innhold

Stoppa drifta åtte år etter første varsel: – Dei har svikta

Statsforvaltaren seier dei aldri har gjennomført fleire tilsyn enn hos avfallsbedrifta på Nord-Vestlandet. – Statsforvaltaren har eit medansvar fordi det har fått lov å utvikle seg så lenge, meiner avfallsekspert.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Avfallsbedrifta Miljøservice Eide har i ei årrekke vore i staten sitt søkelys. Tusenvis av tonn med søppel skal ha hopa seg opp utan at bedrifta blei stoppa.

NRK avdekte nyleg at bedrifta fekk tvangsmulkt og gebyr for fleire hundre tusen kroner, men at nesten ingenting blei betalt.

– Eg meiner at dei burde ha blitt stansa allereie i 2012. Då var det rimeleg klart at det hadde begynt å hope seg opp med avfall, seier avfallsekspert Einar Bratteng.

Han held på med ein doktorgrad i miljørett ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo, og har tidlegare skrive bok om avfallsrett.

Saka om Miljøservice Eide, som tidlegare har blitt omtalt som ein av Noregs største miljøskandalar i sitt slag, er han godt kjent med.

– At det har vore store problem med denne bedrifta, har vore ei kjent sak i avfallsbransjen i minst ti år, seier han.

Einar Bratteng sitter i en stol. Bak han ser man en bokhylle full av bøker.

Einar Bratteng meiner at Statsforvalteren kunne stoppa bedrifta på Eide tidlegare.

Foto: Privat

Allereie i 2012 sende Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut eit varsel til Miljøservice Eide, der dei truga med stans. Men det blei ikkje gjort noko vedtak.

Nokre månader seinare blei løyvet som gjorde at bedrifta kunne ta imot 20.000 tonn søppel kvart år, foreslått endra til 2000 tonn. Det finst ikkje dokumentasjon på at løyvet faktisk blei endra.

I åra som kjem held Statsforvaltaren fram med å registrere avvik og gi pålegg.

Avvik etter tilsyn hos Miljøservice Eide gjennom åra

Det har vore ei rekkje tilsyn hos Miljøservice Eide gjennom åra, i regi av Fylkesmannen/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Tilsyna har avdekt fleire avvik, som ikkje har blitt lukka. Kjelde: tilsynsrapportar frå Fylkesmannen/Statsforvalteren Møre og Romsdal frå 2005-2020.

Slo seg sjølv konkurs

Først i juni 2020 vedtek Statsforvaltaren at løyvet skal trekkast tilbake. Då hadde Miljøservice Eide fått tre år på seg til å rydde opp, utan at Statsforvaltaren var fornøgd med resultatet.

I vedtaket går det fram at problema har hopa seg opp over mange år: «Den opphavlege fristen for å tømme anlegget for lagra avfall, var 31.12.2008, og framleis ligg det langtidslagra avfall på området.»

Nokre månader seinare slår bedrifta seg sjølv konkurs. Då blir Statsforvaltaren sittande igjen med ansvaret og rekninga.

Miljøservice Eide AS

I november 2020 stod dette bilvraket på eigedomen til Miljøservice Eide.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Meiner staten har svikta

Bratteng meiner at Statsforvaltaren både kunne og burde ha stoppa bedrifta på eit tidlegare tidspunkt.

– Det er jo heilt klart at det er brot på løyvet her, og det er grunn til å kalle det tilbake, seier han.

Han fortel at Statsforvaltaren ikkje har mangla tvangsmiddel i saka.

– Det er opplagt at dei har svikta i oppfølginga av bedrifta, seier han.

Miljøservice Eide AS

Då gjenvinningsbedrifta gjekk konkurs i 2020 låg det igjen store haugar med avfall på eigedomen.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Avfallseksperten er tydeleg på at det primære ansvaret ligg hos verksemda som har brote vilkåra, men han seier at akkurat denne saka er litt spesiell:

– Statsforvaltaren har eit medansvar fordi det har fått lov å utvikle seg så lenge.

Les også Staten kravde aldri inn rekordmulkt – no kan oppryddinga koste 50 millionar

Miljøservice Eide AS

– Ei tung sak

Christian Dahl, underdirektør på seksjon Forurensing hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, er ikkje ueinig i at dei burde har gripe inn tidlegare.

– Det er jo eigar og drivar sitt ansvar å drive lovleg, så skal vi følge opp forureiningslovbrot når vi avdekker det. Men vi ser jo i ettertid at vi kanskje burde brukt tyngre verkemiddel tidlegare.

Christian Dahl

Christian Dahl hos Statsforvaltaren seier dei ville gjort ting annleis i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kvifor blei det gitt så mange sjansar før det blei stopp?

Som eg sa tidlegare ville vi kanskje reagert raskare i dag. Vi ville reagert raskare i dag, svarer Dahl.

– Kvifor blei det ikkje stopp før i 2020, då?

Fordi det har vore ei tung sak. Vi har gjennomført veldig mange tilsyn i denne saka, meir enn i noko anna bedrift i Møre og Romsdal. Det har vore ei tidkrevjande og tung sak som vi har brukt utruleg mykje ressursar på.

Miljøservice Eide AS

Bildet er tatt etter konkursen i 2020.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Fire år etter at drifta stansa og konkursen var eit fakum, er oppryddingsarbeidet langt frå ferdig. Så langt skal det vere henta ut rundt 10 prosent av det Statsforvaltaren har estimert ligg på området. Målet er at oppryddinga skal vere ferdig neste år.

– Men det er avhengig av finansiering. Til no har vi brukt rundt ti millionar kroner, seier han.

Eide Miljøservice etter at ryddingen har kommet i gang.
Eide Miljøservice før ryddinga tok til.

Mye av søplet er allerede fjernet, men fortsatt ligger mye igjen.

Eirik Haukenes/NRK Luftfoto

Hadde ikkje pengar

Advokat Edvard Eide skriv i ein e-post til NRK at den tidlegare daglege leiaren innser at han var for optimistisk med tanke på å få til lovleg drift rundt 2012.

Han peikar på at det også var ein brann i anlegget i 2009 som gjorde ting vanskeleg.

Advokat Edvard Terje Eide

Den tidlegare daglege leiaren sin advokat, Edvard Terje Eide.

Foto: MARI AANDAHL KIPPERNES / NRK

Tilsynsrapportane viser at Miljøservice Eide ikkje dreiv etter løyvet dei hadde fått. Kva er grunnen til det?

Drifta under Miljøservice Eide AS skjedde på grunnlag av gitte løyve frå Fylkesmannen, skriv Eide.

Statsforvaltaren har gjennom fleire år gitt bedrifta fleire pålegg om at det skal ryddast. Kvifor blei ikkje det gjort?

Det korte svaret er manglande økonomi, skriv Eide.

Under etterforsking

Øystein Folden, som er fylkessekretær i Naturvernforbundet, har lenge vore kritisk til at bedrifta fekk halde på så lenge.

Han trur mykje kunne sett annleis ut dersom det hadde blitt tatt tak i for mange år sidan.

– Det som kanskje var mogleg å resirkulere i 2010 har mista kvalitet, så no er det berre problem igjen, hevdar Folden.

På eiendommen til tidligere Miljøservice Eide flyter det av søppel. På bilde ser du personer som står oppe på en enorm haug av usortert søppel.

I 2023 hadde oppryddingsarbeidet på eigedomen begynt, men det låg framleis store mengder søppel der.

Foto: Roar Strøm

Politiet etterforskar den tidlegare daglege leiaren av selskapet. Han er blant anna sikta for brot på forureiningslova. Det er venta tiltale om kort tid.

I oktober bekrefta politiet at saka i utgangspunktet var ferdig etterforska og at den var sendt over til statsadvokaten. Men saka blei då sendt tilbake til politiet for vidare etterforsking.

Les også Avfallsdeponier har ikke kontroll: – Alvorlige konsekvenser for folk og natur

Farlig avfall

Hei!

Har du tips eller innspel?