Leidningar, isopor, landbruksplast, bilvrak og byggematerialar. Haugane ved avfallshandteringsbedrifta Miljøservice Eide AS i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal bognar av søppel som skulle ha vore sortert og gjenvunne.
Mykje av det som har kome inn sidan bedrifta byrja å ta imot avfall i 2005 har aldri blitt levert vidare. No er bedrifta konkurs, og det er usikkert kven som skal rydde opp i dei 1000 tonna med avfall.
Asbest og bilbatteri
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har pålagt Miljøservice å rydde sidan 2008. Dei har fleire gongar funne avvik under sine inspeksjonar.
I 2019 fann dei materiale med asbest. Asbest har sidan 1980 vore forbode å bruke i bygg, då det er svært kreftframkallande. Dei har også rapportert om bilbatteri som er lagra utandørs på utett dekke.
Miljøservice har fått stadig nye fristar for å rydde opp. Den siste gjekk ut i sommar.
Det ligg fleire bilvrak hos Miljøservice Eide AS.
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRKDagleg leiar i Miljøservice Eide AS, Trygve Herskedal, har ikkje svart på NRK sine førespurnadar.
I eit brev til Fylkesmannen datert 27. mai skriv han at ryddejobben går saktare enn planlagd på grunn av koronapandemien. Han bad derfor om nok ei utsetjing.
Fylkesmannen kunne ikkje sjå at mengda med avfall hadde minka, og vedtok i september at Miljøservice Eide AS ikkje fekk ta imot meir.
– Kvifor har Miljøservice fått så god tid til å rydde opp?
– Det vil koste mykje å kvitte seg med avfallet, vi har derfor gitt gode fristar til oppryddinga for at bedrifta skulle ha inntekter samtidig som det blir rydda. Vi har vore klar over at ein konkurs kunne bli utfall i denne saka, og då kan det offentlege bli sitjande igjen med rekninga, seier Christian Dahl hos Fylkesmannen.
Naboen skifta leverandør
– Det er trist for både nærmiljøet og næringslivet at det har fått ligge så lenge, seier Bjørn Melby. Han er dagleg leiar for Melby Snekkerverksted, naboen til Miljøservice.
Bjørn Melby synest det er trist at avfallet hos Miljøservice Eide AS har blitt liggande over fleire år.
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRKNår det bles kjem avfall fykande gjennom skogen og inn på tomta deira.
I 2011 slutta Melby Snekkerverksted å levere avfall til naboen, og gjekk til ein konkurrent.
– Det gjorde vi fordi vi såg korleis det ser ut der borte, og blei bekymra for korleis vårt spesialavfall ville bli handtert.
Denne dunken er blant avfallet som har blåse frå Miljøservice til tomta til Melby Snekkerverksted.
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRKKan skade økosystemet
Katrine Borgå er professor ved Institutt for biovitskap ved UiO. Ho kjenner ikkje detaljane rundt Miljøservice Eide AS, men fortel at både plast og elektronikk som ikkje blir handtert etter forskriftene kan gjere stor skade.
– Det kan skade økosystemet både i nærleiken og lenger unna, dersom miljøgiftene lekk ut og blir transportert vekk. Miljøgifter har lang nedbrytingstid, og særleg livet i havet er sårbart for desse stoffa.
Dersom miljøgifter lek ut i vatn kan det skade livet i havet. Miljøservice sitt anlegg ligg rundt éin kilometer frå fjorden.
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRKPolitiet ser alvorleg på saka
Miljøservice er meld til politiet, som no jobbar med å etterforske om det er brot på forureiningslova, og med å sikre bevis. Politiadvokat Elisabeth Fiksdal fortel at dei ser alvorleg på saka.
Gjenvinningsbedrifta har vore pålagd å rydde sidan 2008, og det er funne fleire avvik ved drifta. Likevel ligg det framleis 1000 tonn avfall ved anlegget.
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRKAdvokat Håkon Holm Westad i Larhammer og Aarseth er bustyrar for Miljøservice Eide AS. Han opplyser at kreditorar kan stille sine krav fram til 7. desember. Deretter vil det bli klart om selskapet har pengar til å vere med å betale for oppryddinga.
I dag har Miljøservice Eide AS ein negativ eigenkapital på 1,8 millionar kroner og gjeld på 3,1 millionar kroner.