Hopp til innhold

Set av tomt til kjernekraftverk, men veit ikkje om dei får byggje

Aure og Heim kommune har saman sett av ei tomt for å byggje eit kjernekraftverk, men regjeringa seier det ikkje er aktuelt i Noreg no.

Norsk Kjernekraft vil utrede mulighetene for å etablere et SMR-anlegg for produksjon av kjernekraft i Norge. Illustrasjonen viser anlegget som Rolls Royce skal bygge i England.

Norsk Kjernekraft vil greie ut moglegheitene for å etablere eit anlegg for produksjon av kjernekraft i Noreg. Illustrasjonen viser eit anlegg som Rolls-Royce skal byggje i England.

Illustrasjon: Rolls Royce

Fleire kommunar i landet har allereie eit stort underskot av kraft. Problemet er venta å bli større i åra som kjem.

Nord i landet har kraftsituasjonen vore mykje diskutert. Statnett har mellom anna sagt at dei er bekymra for at nordre Nordland vil få særlege utfordringar med kraftmangel og stigande energiprisar i løpet av få år.

Men også nordmørskommunen Aure har mangel på kraft. No har dei saman med Heim kommune sett av ei tomt til det dei håpar skal bli eit kjernekraftverk i framtida.

Men om dei i det heile tatt får byggje veit dei ingenting om.

Illustrasjonsbilder av strøm og strømkabler. Transformatorstasjon på Ski.

Tilgang på straum er eit aukande problem i Noreg, noko fleire spår vil bli dramatisk – spesielt for næring og industri.

Foto: Annika Byrde / NTB

Kan bli kraftunderskot

I november 2022 anslo Statnett ein stor auke i kraftforbruket i Noreg i åra som kjem.

Det kan føre til eit nasjonalt kraftunderskot om få år – allereie i 2027.

Folk har mellom anna prøvd å foreslå vindmøller som ei løysing, men fleire stader har dette vorte møtt med kraftig motstand.

Ei mogleg løysing, som mange meiner er kontroversiell, er kjernekraft.

Derfor har Aure og Heim kommune no sett av ei tomt til anlegget dei håpar å få på plass. Dei samarbeider med det private selskapet Norsk Kjernekraft AS.

– Dette er første fase for å klare å få i gang eit utgreiingsprogram. Tomteval kan bli noko heilt anna, men vi må setje i gang ein prosess, seier ordførar i Aure Hanne Berit Brekken (Ap).

Hanne-Berit Brekken

Aure-ordførar Hanne Berit Brekken trur dei vil få kjernekraftverket realisert ein gong i framtida.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Ordføraren forklarar at ho har tru på at kjernekraft kan vere ein del av den norske energimiksen i framtida, og at dei no ønskjer å bane veg for å sjå om styresmaktene kan vere med dei på ein sånn tanke.

– Vi har ikkje kjernekraft i dag, vi har ikkje ein politikk som satsar offensivt på dette som kraftkjelde, men det er nettopp det vi ønskjer å utfordre, seier ho.

Les også Lanserer seg selv som «kjernekraftordfører»: – Vil vurdere ulike lokasjoner

Aker i Narvik

Aure og Heim har no også gått saman med fire andre kommunar og signert ein intensjonsavtale om å etablere interesseorganisasjonen «Norske Kjernekraftkommuner». Dei fire andre kommunane er Vardø, Narvik, Porsgrunn og Halden. Organisasjonen blir først etablert om dei aktuelle kommunestyra godtek det.

Trur ikkje noko vil skje før 2040

– Lokalisering er eit veldig viktig punkt i å drive eit kjernekraftverk, seier Ole Christen Reistad.

Han er tidlegare sjef for Noregs siste atomreaktor, og er no leiar for Avdeling for miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk.

Ole Christian Reistad

Ole Christen Reistad trur det kjem til å gå mange år før kjernekraft blir mogleg å realisere i Noreg.

Foto: Odin Omland / NRK

Han forklarer at det er vanskeleg å vite om plasseringa er rett no.

– Det er ein mogleg stad å byrje av fleire, men ein kjenner jo eigentleg ikkje kva krav som ligg til dette no.

– Trur du kommunane vil få realisert ønske om kjernekraftverk?

– Det er veldig mykje som skal skje og kome på plass før dette blir realisert. For oss ser det ikkje ser ut som at noko vil bli realisert før 2040, nesten uansett, seier han.

Les også Kjernekraft blir stadig meir populært blant unge, men eksperten trur ikkje vi får reaktorar i Noreg

Marius Bringsvor Rusten, Jakob Finstad og Ari Tufteland sit ved eit bord ved nokre store vindauge. Dei har mobiltelefonar og energidrikk på bordet mellom seg. Dei pratar saman om kjernekraft og kvifor det er unge menn som er mest positive til det.

Vil kome i gang

Jonny Hesthammer som er dagleg leiar i Norsk Kjernekraft AS seier at tomta blir det første av mange steg i prosessen. Det neste blir å sende ei melding om utbreiingsprogram til Olje- og energidepartementet.

– Det er noko dei må forhalde seg til og ta stilling til, seier han.

– Korleis kan ein velje ut ei tomt når ein ikkje kjenner retningslinjene?

– Ein kunne venta til det vart ein politisk debatt om kjernekraft i Noreg, men då kastar vi bort fleire år. Ved å setje i gang prosessen no tvingar vi fram ein reaksjon, svarer han.

Aure-ordføraren Hanne Berit Brekken har ikkje teke standpunkt i at kjernekraft er den einaste gode løysinga for kommunen, men seier at noko må gjerast for å skaffe meir kraft.

– Eg vil i alle fall ikkje vere den politikaren som folk snakkar om om ti år fordi eg ikkje gjorde noko. Målet mitt er å gjere ein innsats for at vi skal få den krafta vi treng i framtida, seier ho.

Les også Jakter på fast fjell som kan skjerme atomavfall fra nye istider

Geolog Øystein Nordgulen utforsker steiner i Halden.

Ikkje aktuelt for Noreg

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther, seier at kommunane står fritt til å setje av eit område, men at regjeringa meiner at dagens kjernekraftteknologi ikkje er eit godt alternativ for Noreg.

– Den er dyr, har store problem med radioaktivt avfall og vi har ikkje kompetansen for drift av kjernekraft i Noreg, seier ho.

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther.

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther.

Foto: Lena Marja Myrskog / NRK

– Kan det vere aktuelt i framtida?

– Vi skal ikkje lukke døra for at det i 2050 har komme eit gjennombrot på kjernekraftteknologi, derfor vil eg ikkje vere bastant på kvar vi er då.

Ho legg til at ho er samd i at Noreg treng meir kraft, men at dei per no fokuserer på fornybare kjelder som vindkraft, vasskraft og havvind.