Hopp til innhold

Kjernekraft vert stadig meir populært blant unge, men eksperten trur ikkje vi får reaktorar i Noreg

Særleg unge menn har stadig meir lyst til at Noreg skal satse på kjernekraft. Men sjefen for Noregs siste atomreaktor trur ikkje det betyr at vi vil byggje nye her i landet.

Marius Bringsvor Rusten, Jakob Finstad og Ari Tufteland sit ved eit bord ved nokre store vindauge. Dei har mobiltelefonar og energidrikk på bordet mellom seg. Dei pratar saman om kjernekraft og kvifor det er unge menn som er mest positive til det.

Marius Bringsvor Rusten, Jakob Finstad og Ari Tufteland trur unge er meir positive til kjernekraft fordi dei har større avstand til det mest forferdelege kjernekrafta har gjort, som atombombene og Tsjernobyl-ulukka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Stadig fleire nordmenn meiner vi bør byggje ut kjernekraft i framtida. Aller mest engasjerte er dei unge.

Mellom 2013 og 2021 vart delen av unge mellom 15 og 24 som ynskjer atomkraftverk meir enn firedobla, syner ei Ipsos-undersøking.

– Det er jo viktig å tenkje på alternative energikjelder, og kjernekraft er i vinden. I alle fall fusjon. Det har nett blitt gjennomført, so det har eg eigentleg veldig tru på, seier Ari Tufteland.

NRK forklarer

Kva er eigentleg kjernekraft?

Kva er eigentleg kjernekraft?

Kjernekraft er elektrisk energi – straum – som vert laga ved fisjon eller fusjon. Men kva i all verda er no det?

Kva er eigentleg kjernekraft?

Fisjon er då ei atomkjerne vert delt i to, og store mengder energi vert slept ut. Energi som kan gjerast om til varme.

Fusjon er det same, berre motsett. Store mengder energi vert frigjort når to atomkjerner vert slått saman.

Kva er eigentleg kjernekraft?

Energien frå atomkjernedelinga brukast til å koke vatn og lage ein masse vassdamp...

Kva er eigentleg kjernekraft?

som i sin tur driv ein turbin. Snurringa frå turbinen driv ein generator som lagar straum.

Kva er eigentleg kjernekraft?

Og vips! No har du eit kjernekraftverk!

Les også Det blir omtalt som en gamechanger – men hva betyr fusjons­gjennombruddet?

Unge og menn mest positive

Undersøkinga som Ipsos gjer annakvart år, syner at 26 prosent av unge meiner vi bør byggje ut meir atomkraft i framtida.

I ei liknande undersøking gjort i fjor vår av Norstat for NRK, svarer 37 prosent av unge mellom 18 og 29 at dei ynskjer at Noreg satsar på kjernekraft.

Dei mest positive var menn, då over halvparten av dei var positive til atomkraft her i landet.

Jakob Finstad trur at slikt som Tsjernobylulukka og kald krig med atomvåpen kan vere skremmande for dei eldre, men ukjend for dei unge.

– Vi har jo ikkje merka noko av konsekvensane av Tsjernobyl, til dømes. Det er jo berre eit fjernt konsept for vår generasjon, seier han.

Marius Bringsvor Rusten, Jakob Finstad og Ari Tufteland sit ved eit bord ved nokre store vindauge. Dei har mobiltelefonar og energidrikk på bordet mellom seg. Dei pratar saman om kjernekraft og kvifor det er unge menn som er mest positive til det.

Jakob Finstad trur han skjønar litt av kvifor dei som er eldre er meir mistruiske til å ha eit kjernekraftverk som nabo.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Trur premissane er endra

Når unge vert meir og meir positive til det: er det ein sjanse for at ein kan seriøst diskutere kjernekraft i Noreg att og ein eller annan gong opne eit slikt kraftverk?

Ole Christen Reistad er leiar for Avdeling for miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk.

Og ikkje minst: han var sjef for Noreg sin siste atomreaktor, Jeep II på Kjeller i Akershus, som vart lagt ned i 2019.

Ole Christian Reistad

Ole Christen Reistad trur kjernekraft vil verte meir diskutert i Noreg i tida som kjem, men om det kjem til å bli produsert kjernekraft her er han meir usikker på.

Foto: Odin Omland / NRK

Reistad trur at spørsmålet om kjernekraft rett og slett er eit anna no enn det var for nokre tiår sidan.

– No har vi ein felles energimarknad i Norden. Vi har ein delvis felles ein i Europa.

– Då trur eg kanskje sjansen er endå mindre for kjernekraft i Noreg, for då vil ein jo sei at vi har jo kjernekraft i Sverige. Og den fungerer heilt utmerka for den norske marknaden. For kvar gong dei opnar ein ny reaktor har det positiv innverknad på oss, seier Reistad.

Les også Menn vil ha kjernekraft mens kvinner er skeptiske

Grohnde kjernekraftverk

Er overtydd om auka popularitet

– Har folk sitt forhold til kjernekraft endra seg i det siste?

– Ja. Det er eg heilt sikker på, seier Jan Emblemsvåg, professor ved NTNU i Ålesund.

Han har, saman med andre forskarar, nett fått ti millionar kroner til å forske på atomreaktorar som kan brukast som motorar på laste- og cruiseskip.

Jan Emblemsvåg ait på eit møterom med ein datamaskin på bordet og ein tv på veggen. Han har briller, kort hår og eit kort det står "NTNU" på om halsen. På skjermen bak han, ute av fokus, ser vi eit stort, raudt lasteskip.

Jan Emblemsvåg har saman med andre forskarar nett fått ti millionar for å forske på reaktorar som skal kunne brukast som motorar på store, sivile skip – heilt annleis enn dei som i mange tiår har drive atomubåtar og hangarskip.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han reiser også rundt med føredrag om nett dette temaet, og tener på det han meiner er ei tydeleg auke i interessa kring kjernekraft.

– Folk er generelt positive når dei har fått landa eit par fundamentale spørsmål. Det går på kostnadar, avfall og tryggleik. Det er dei tre tinga folk flest lurar på, seier Emblemsvåg.

Men mange har framleis mange spørsmål og fleire er skeptiske, sjølv etter føredraga.

– Eg pratar i 45 minutt, men so er det likevel spørsmål i ein halvtime etterpå.

Les også Kjernekraft kan bli redninga for cruisetrafikken

Hurtigruteskipet Otto Sverdrup ligg til kai i Ålesund. Vi ser baugen på skipet like over ei gangbru. I forgrunnen i biletet, ute av fokus, ser vi nokre julelys. På sidene av skipet er leilegheitsbygg, og bak ser vi snødekte fjell.

Er likevel litt skeptisk

– Når eg tenkjer på kjernekraftverk, so tenkjer eg med det same på radioaktivitet og slikt, seier Marius Bringsvor Rusten.

Alle dei tre studentane tykkjer kjernekraft er spanande og interessant, men dei skjønar godt at nokre er skeptiske.

– Kva hadde du tenkt, då, om nokon føreslo å byggje ein atomreaktor i din heimkommune?

– Eg hadde vore litt skeptisk, seier Rusten.

Les også Er atomkraftverk farlig? Her er fem vanlige påstander

Kjernekraftverk kan ifølge FN bli en viktig del av det grønne skiftet. Slik kunne det sett ut om et slikt kraftverk ble lagt til Bodø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL