Det var klokka 02.35 natt til søndag at politi og ambulanse rykka ut etter å ha fått melding om ei snøscooterulykke på eit privat område i Aure kommune på Nordmøre.
– Ei kvinne i 20-åra er frakta til traumemottaket ved St. Olavs hospital i Trondheim. Skadeomfanget er så langt uklart, men kvinna skal ha vore våken då ho blei frakta til sjukehuset, fortel Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet til NRK søndag morgon.
Kvinna skal ha hamna i snøen eit stykke frå snøscooteren i ulykka.
Blir etterforska
Det er så langt uklart om kvinna i 20-åra var føraren av snøscooteren eller passasjer.
Saka blir no etterforska av politiet.
– Det er mistanke om promillekøyring og saka blir følgt opp vidare, fortel Molnes.
Kvinna er så langt ikkje avhøyrt av politiet. Det er så langt ikkje meldt om nokon andre skadde i samband med ulykka.
Natt til søndag uttalte operasjonsleiar Leif Arne Mork til NTB at det var vitne til hendinga og at desse blir avhøyrt.